Sjakkens svindlar
Norman T. Whitaker (1890–1975).
Fengselsbilete frå 1932
Amerikansk sjakk har vore ein arena for nerdar, gamblarar og svindlarar. Det er mange å ta av, og i nokre stubbar denne hausten vil eg sveipa innom namn som ikkje har vore i spalta tidlegare.
Når amerikansk sjakk i dag strir med 19-åringen Hans Niemann (jukseskandalen), kjem protestane frå sjakkhistorikarane: Dette er jo ikkje noko samanlikna med det vi hadde for hundre år sidan.
Den notoriske svindlaren Norman T. Whitaker hadde før krigen ein ven som døydde under ei postsjakkturnering. Whitaker fekk då ideen om inkognito å fullføra partia og ta imot prispengane i namnet til den avlidne. Dette er den einaste turneringa i sjakkhistoria vunnen av ein død mann.
Whitaker var full av slike innfall. Han kunne ikkje sitja still. I 1936, under soning i Alcatraz, rauk han uklar med Al Capone som ikkje ville vera med på fangestreiken Whitaker hadde pønska ut.
På eldre dagar såg han ut som ein triveleg bestefar med stokken ved sida av sjakkbrettet, men biografien som kom i 2000, skriven av sjakkhistorikaren John Hilbert, hadde tittelen Shady Side: The Life and Crimes of Norman Tweed Whitaker, Chess Master.
Norman voks opp i Philadelphia med gode gen for smarte kombinasjonar: Faren var ein vyrd matematikar, og mora var premiert på høgt nivå i kortspel. Sjølv utdanna Norman seg til jurist, men miste retten til å praktisera i 1924. Som tenåring vann han mot verdsmeistrane Lasker og Capablanca som vitja sjakklubben med simultanoppvisingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.