Sjakkens kultfigur
Donner under den nederlandske sjakkmeisterskapen i 1978. Han døydde 61 år gamal i 1988, lukkelegvis før røykjelova kom. Han hadde aldri overlevd utan røyk.
Foto: Bert Verhoeff
Han er dyrka i sjakkmiljøet som ein Norman Mailer, mannen som gjennom skildringane av boksesporten skapte ein litterær sportsjournalistikk. Som Mailer var han òg langt ute på venstresida politisk og aktiv motstandar av Vietnamkrigen. Og som Mailer var Jan Hein Donner ein antifeminist og mannssjåvinist.
Mange sjakkspelarar tykkjer latteleggjeringa hans av kvinnelege sjakkspelarar er hysterisk morosam. Eg har ei sjakkspelande dotter og ser på denne delen av forfattarskapen som primitiv og pinsam. Eg vonar eg ville ha meint det same om ikkje dotter mi spela sjakk. Kor som er, det er mykje anna som er interessant med Donner.
Donner var ein markant nederlandsk stormeister, men er altså mest kjend som sjakkskribent. Han var mørk, arrogant, ordhitten og ærleg. Som han skreiv: «Ein journalist som skriv om ein fotballkamp, eit friidrettsstemne eller eit sjakkparti, vil alltid vera i ein tilstand av uvisse: ‘Kor viktig er no eigenleg dette?’ tenkjer skribenten – ‘Er det ikkje det reinaste tøv?’»
Han skreiv nokre tusen sjakktekstar. Etter at han fekk slag og hamna på ein pleieheim, 56 år gamal, lærte han seg å skriva med éin finger på skrivemaskina. «Det er ei lita verd, men som sjakkspelar likar eg at verda rundt meg er lita.»
Donner identifiserte seg med ein europeisk tradisjon og hadde ikkje særleg tru på amerikansk sjakk: «Den nordamerikanske kulturen er djupt antiintellektuell. Dei skryter av å ha skapt spelet poker, som oppstod då skjørtejegerane vifta med våpen i den usiviliserte ville Vesten. Dei mistrur sjakken som vert spelt på austkysten i europeisk-inspirerte kafémiljø, der ein i ro og mak syslar med konspirasjonsteoriane sine. Amerikanarane satsar på bløff heller enn tolmod. Slik blei utanrikspolitikken til eit folk av pokerspelarar.»
Verdsmeisteren frå 1935–37, nasjonalhelten og skulelæraren Max Euwe, var ein rein sjakkamatør, så Donner vart den fyrste profesjonelle sjakkspelaren i Nederland. Donner var ikkje optimistisk: «I dette landet er alt lov; ein kan ha sex med dyr, om ein vil. Men om ein seier høgt at ein vil vera profesjonell sjakkspelar, skal det gå deg ille».
Donner var ordrik og vulgær; sitata ovanfor er forkorta.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.