Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Warszawa, 1940

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dawid Przepiórka (1880–1940).

Dawid Przepiórka (1880–1940).

Foto: Wikimedia Commons

Dawid Przepiórka (1880–1940).

Dawid Przepiórka (1880–1940).

Foto: Wikimedia Commons

2506
20210806
2506
20210806

Det vi veit: Dawid Przepiórka vart fødd inn i overklassen i Warszawa. Alt som sjuåring synte han eit uvanleg talent for sjakk (og matematikk). På 1920-talet heldt han verdsklasse. I 1935 arrangerte han sjakk-OL i heimbyen med dei rike sjakktradisjonane. Under invasjonen av Polen i 1939 vart heimen hans øydelagd. Przepiórka flytta saman med andre sjakkspelarar, dei fleste jødar som han sjølv, til eit nytt husvære. Vinteren 1940 kom Gestapo.

Den franske romanforfattaren Arthur Larrue (f. 1984) har i La Diagonale Alekhine (Gallimard 2021, «Alekhins diagonal») skildra scena med Gestapo i kapittel 14. Eg parafraserer fiksjonen hans i snøgge trekk:

Det var berre den unge jusstudenten Dov som lyfte hovudet frå sjakkbrettet då tre offiserar i uniform og lue med stor, svart skugge tok seg inn i leilegheita. Przepiórka sat og smatta på ein sigar. Han var som alltid elegant kledd, då han meinte at sjakkspelarar og andre «arbeidarar i det unyttige» ikkje stod attende for bankmenn og forretningsfolk. «Soldatane har ikkje auge, meister», sa Dov til Przepiórka. Med ein langsam gest flytta Przepiórka tårnet til e-lina. «Få sjå korleis du kjem deg ut av dette», sa Przepiórka. «Ah, eg oppdaga planen din for seint», sa Dov. «Eg sa at soldatane ikkje har auge», gjentok Dov. «Ein treng ikkje auge for å gjera det dei gjer. Din tur.»

Soldatane ransaka rommet. Konvoluttar, papir og gamle sjakknotat vart kasta ut av skuffar, som om dei dissekerte ei høne. Przepiórka heldt seg roleg, som ein bronsestatue. Han valde å ignorera angsten til Dov. Det einaste dei kontrollerte, var dette partiet, resten var opp til dei som ikkje hadde auge, hjerne, sjel og hjarte.

Ein soldat velta sjakkbordet så brikkene flaug. Przepiórka rørte seg ikkje: «Vi treng heller ikkje auge. Eg spelar tårnet til e7». Dov stotra fram: «Det endrar stillinga, ja.» Sjakkspelarane vart førte inn i ein lastebil. Przepiórka spela det andre tårnet til f-lina.

Dei fekk svart bind for auga og vart frakta inn i skogen. Dov freista koma unna åtaket frå tårna. «Dov, ditt trekk. Du har ikkje mykje tid att.» «Kongen til g7, meister!» «Tårnet til g2, sjakk! Dov, gjev du deg?» «Eg gjev meg. Det var ei ære å spela», skreik Dov. Han fekk ei kule i panna og fall i massegrava. Przepiórka spela snøgt gjennom partiet ein gong til i hovudet medan han togg på sigarstumpen. Idet kula trefte han, sa han til seg sjølv at han hadde spela uvanleg sterkt.

Sjakkspelarane vart skotne i skogen i april 1940, ifølgje Wikipedia.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis