Sjakk
Villsvingambiten
I novella «Villsvingambiten» (Snob.ru 2021) møter vi ein diktator i eit lite, vakkert land som berre har to eksportvarer: svin og sjakk.
Faksimile / illustrasjon frå Snob.ru
Tradisjonelle merkelappar passar ikkje på den russiske forfattaren Vladimir Sorokin (f. 1955), men to ting går likevel att i forfattarskapen: nedbryting av tabu og ein allegorisk kritikk av Putins Russland; kritikk fyrst av det sovjetiske, så av det postsovjetiske samfunnet.
I novella «Villsvingambiten» (Snob.ru 2021) møter vi ein diktator i eit lite, vakkert land som berre har to eksportvarer: svin og sjakk. Teksten er ein parodi på Kviterussland og Lukasjenko, altså Putin-Russland i miniatyr, men òg Noreg (olje og Carlsen). Den nye sjakkopninga villsvingambiten er våpenet til geniale Valerija som har slege både Anand og Carlsen.
Valerija er diktatorens personlege favoritt i sjakklandet. Sorokin seier til Snob.ru at han alltid vert overraska over sine eigne tekstar, og denne gongen er det kor sterkt diktatoren elskar sjakk, som overraskar forfattaren mest. For sjakkinteressa til diktatoren er genuin. Millionar av menneske har dei siste ni åra følgt sjakksendingane på TV frå det vesle landet, der sjakk har vorte nasjonalsporten. (Pussig nok er det òg ni år sidan NRK, i 2013, byrja med sjakk på TV.)
Ei bok med den politisk ukorrekte tittelen Kvit vinn igjen er pensum i skulen i sjakklandet. Ein ny generasjon sjakkmenneske vil arva landet når presidenten, som han seier, ein dag vil måtte forlata verda og «dra til Valhall og Jotunheimen». Sjakkeliten i landet vert omtala som «jotnar», som ein «ny Bjøltorn». Eg tolkar dette som eit hint til namnet Bjørndalen, skiskyttaren som bur i Kviterussland, og som alle russarar kjenner.
Kva er så poenget med novella? Eg meiner hovudtemaet er sportsvasking, kåra av Språkrådet til årets norske nyord i 2021. Presidenten vil nytta sjakken til å selja svin. Den nye opninga dei har dyrka fram i sjakklaboratoria, får difor namnet villsvingambiten. Men ein dag får Valerija nok. Ho vil ikkje lenger spela gambiten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.