JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Vel til mote

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva vil Alireza Firouzja med livet sitt?

Foto: Grand Chess Tour/ Lennart Ootes

2264
20230526
2264
20230526

Magnus Carlsens trenarar gjennom ti år var Peter Heine Nielsen og Laurent Fressinet. Men verdsmeisteren ville alltid ha med ein joker på treningssamlingane, ein ukjend fjerdemann. Det er enklare å spela sjakk, tennis, fotball og basket med fire enn med tre. I 2015 var jokeren kinesaren Ding Liren, som ikkje kunne tru si eiga lukke over ein uventa invitasjon til ei veke med Carlsen på luksushotell i Doha.

I 2017 gjorde Carlsen ein ny uventa gest då han henta inn ein ukjend 13-åring frå internett, frå eit guterom i Iran: Alireza Firouzja. Carlsen varma opp med fire lynparti, og vann 3–1. Han tok Nielsen og Fressinet til side: «Såg de det?» «Kva då?» spurde dansken og franskmannen. «Guten har ikkje vyrdnad for meg. Han spelar sitt eige spel, spelar for å vinna. Han er 13 år og uredd!»

Gjennom heile karrieren hadde Carlsen gjort alt for å skapa vyrdnad hos motstandarane, ein vyrdnad som gav han mange ekstra poeng. Men Alireza kjende ikkje redsle. Dei tre vaksne i rommet skjøna at guten kunne vera den neste verdsmeisteren. Før kandidatturneringa i 2022 sa Carlsen at han berre ville forsvara VM-tittelen om Firouzja vart utfordrar.

I dag er verdstrearen Ding Liren (2780) verdsmeister. Verdsfiraren Jan Nepomnjasjtsjij (2779) har tapt to VM-kampar på rad. Omdømet til VM-tittelen er svekt etter at VM-finalistane Ding og «Nepo» båe to scora under 50 prosent i ei turnering i Romania i mai, der båe tapte mot 19 år gamle Firouzja.

I juli 2021 vart Firouzja fransk statsborgar, eit klokt val. Det same året passerte han 2800 i rating som den yngste i historia. Men den nye fridomen i Frankrike endra guten. Det neste året spela han lite sjakk, han var ikkje lenger fanatisk oppslukt av 64 svarte og kvite felt.

Han byrja sjå andre fargar, og vart hekta på mote. Firouzja har ein draum om å verta fransk motedesignar. For hans liv og lukke er dette kan henda ein god plan, men sjakkeliten trur ikkje lenger han vert den neste verdsmeisteren.

Firouzja er, kor som er, nummer to i verda i dag med 2786 i rating. Avstanden til Carlsens 2853 er enorm, men korkje Carlsen eller Firouzja vert rekna som seriøse VM-utfordrarar. Det er eit vakuum i toppen når dei to beste vantar motivasjonen.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis