JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

To frå Odesa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jefim Geller (1925–1998).

Jefim Geller (1925–1998).

Foto: Wikimedia Commons

Jefim Geller (1925–1998).

Jefim Geller (1925–1998).

Foto: Wikimedia Commons

2278
20220325
2278
20220325

I 2016 vart Oktoberrevolu-sjonsgata i den ukrainske byen Odesa ved Svartehavet døypt om til Jefim Geller-gata. Det er ei ære ikkje mange sjakkstormeistrar har opplevd. Geller spela 193 parti mot verdsmeistrane: Han vann 39 og tapte 31. Han hadde solid overtak på både Fischer og Botvinnik. «Vi skjøna ikkje opninga kongeindisk før Geller», sa patriarken i sovjetisk sjakk, Mikhail Botvinnik.

Geller var gatesmart i beste Odesa-tradisjon, ikkje ulik den største russiskspråklege satirikaren dei siste 100 åra, Mikhail Zjvanetskij. Dei hadde den same korpulente, stutte kroppen og den same Odesa-sjargongen med formuleringar av typen: «Går De no, gudskjelov, eller vert De verande, Gud forby?» Og litt seinare: «Så synd at De endeleg må gå.»

Denne kan passa på Geller: «Eg har vore 214 dagar utan alkohol. Men ikkje på rad.» I alle høve røykte han som ein skorstein. Han måtte òg eta. Då han vitja Botvinnik på datsjaen for å analysera sjakkvariantar nokre dagar, flykta han frå staden utan eit ord. Botvinnik serverte berre lunsj og middag, utan mellommåltid.

Den karakteristiske Odesa-humoren kjem tydeleg fram i dialogen nedanfor:

– Kva er du av nasjonalitet?

– Ja. Og du?

– Nei.

– Kva er gale med deg?

Den siste punchlina fekk eg forklart av ein russisk jøde (sjakkspelar og språkprofessor): Poenget er at frå ein jødisk-odesisk ståstad er det utenkjeleg at nokon ikkje har jødiske røter. Zjvanetskij og Geller var sjølvsagt òg jødar, men Geller var ikkje ein intellektuell jøde, men ein «arbeidarklassejøde», ifølgje den jødiske stormeisteren Sosonko. Geller sa det slik: «Eg knyter meg ikkje til jødedomen, men andre knyter meg til jødedomen.»

Den siste formuleringa var jo ganske «intellektuell» likevel. Og her er paradokset hos Geller: Han var ein grovkorna slugger, men òg ein djup analytikar – ein av dei største i sjakkhistoria.

«Ingen kunne ‘sitja’ som Geller», sa Boris Spasskij som nytta odesiten som sekundant i VM-kampen mot Fischer i 1972. «Ein kan seia at Geller utvikla sjakktalentet sitt med ræva – og ræva voks sjølv òg i symbiose med sjakkforståinga», forklarte Spasskij. Geller protesterte ikkje: «Når eg er stressa, må eg setja meg ned og analysera i fem–seks timar, så roar eg meg.»

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis