Sjakk

Sympatisk og problematisk

Arkadij Dvorkovitsj vitja i april 2019 jentegruppa til Embla Ekeland Grønn i Oslo Schakselskap.
Arkadij Dvorkovitsj vitja i april 2019 jentegruppa til Embla Ekeland Grønn i Oslo Schakselskap.
Publisert

Russland har hatt kontroll over verdssjakkforbundet Fide sidan 1995, og Arkadij Dvorkovitsj vil verta attvald som president under kongressen i Chennai i India i august i år. Men burde ikkje krigen i Ukraina få konsekvensar for Fide-presidenten? Døm sjølv.

Dvorkovitsj tok sjakkverda med storm i 2018. Han kom til sjakken som leiar for fotball-VM i 2018, eit arrangement som til skilnad frå vinter-OL i Sotsji i 2014 fekk mykje skryt. Dvorkovitsj er eit godt sjakknamn. Far hans var den fremste sjakkdomaren i Sovjet, men stødde overraskande rebellen Kasparov mot den ortodokse kommunisten Karpov.

Karismatiske Dvorkovitsj har fleire gonger vore i Noreg. Han synte genuin sjakkinteresse då han vitja treningsgruppa til dottera mi, som er instruktør for småjenter. Dvorkovitsj spurde oss om smått og stort, mellom anna om siste nytt i eit Carlsen-parti han følgde på mobiltelefonen.

Då krigen braut ut 24. februar i år, sa Dvorkovitsj til det amerikanske magasinet Mother Jones at han var skaka og hadde stor medkjensle for ukrainarane. Så til den andre sida av saka, som sjakkverda vel å ignorera:

Heime i Russland er tonen frå Dvorkovitsj heilt annleis. Ifylgje Fide-presidenten er sanksjonane mot Russland «meiningslause», og det viktigaste no er å få på plass ei ny verdsordning utan «nazisme». I mars i år sa han vidare at han «er byrg av det motet soldatane syner i kampen for fedrelandet og fridomen».

Dvorkovitsj var ein av dei mektigaste i krinsen rundt Putin i perioden 2008–2018, mellom anna som visestatsminister for Dmitrij Medvedev. På same tid vart kona hans, Zumrud Rustamova, ei av Russlands rikaste kvinner innan kol, metallurgi, gull og annan lukrativ business.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement