Sjakk

Stormeisterens appetitt

Ein legendarisk stormeister, særleg utanfor sjakkbrettet: Eduard Gufeld (1936–2002).
Ein legendarisk stormeister, særleg utanfor sjakkbrettet: Eduard Gufeld (1936–2002).
Publisert Sist oppdatert

Eduard Gufeld vart fødd i Kiev i 1936. Han levde i 66 år, 6 månader og 6 dagar. «No skal du høyra her…», sa han høgt og la armen over skuldra på ein stormeisterkollega. Ingen slapp unna røysta og historiene hans.

Problemet var at han òg prata under partia: «Dette er ikkje sjakk!», kunne han seia i vanvyrdnad om spelet til motstandaren. Og litt seinare: «Vil du ha remis?» «Ja, sjølvsagt». Og så det siste stikket frå Gufeld: «Men det vil ikkje eg!»

Stormeisteren var emosjonell, som den gongen ei lita jente miste ei brikke på golvet. Gufeld tok opp brikka, kyssa henne og sa til jenta som såg på med store auge: «Denne brikka har gjeve meg alt her i livet.» Om den svarte lauparen på g7, flankelauparen i favorittopningane til Gufeld, sa han med kjærleik: «Denne lauparen har sytt for at familien min har hatt mat på bordet i fleire tiår.»

Han var glad i mat, alltid svolten. Ein gong gjekk han inn i ein liten sovjetisk restaurant og studerte den stakkarslege menyen. «Eg tar alt», sa han. «Alt? Kva meiner De?», sa kelneren. «Gje meg all maten de har!», sa Gufeld.

Han kunne plassera ein offiser halvvegs på to ruter for å forvirra motstandaren i tidsnauda. Ein motstandar skal ha bede domaren henta ein linjal for å måla opp kvar offiseren eigenleg høyrde heime. Men den mest kjende historia om Gufeld var den gongen partiet hadde gått til avbrot (eit såkalla hengjeparti til dømes før ein matpause), og han hadde forsegla trekket sitt i ein konvolutt hos domaren. Gufeld angra på trekket og nekta for at han hadde skrive ned tapstrekket. Men domaren hadde prov i konvolutten. Gufeld tok då konvolutten og åt han, til stor overrasking for motstandaren, domaren og publikum.

Under sjakk-OL i Manila i 1992 budde eg og det norske laget på same luksushotell som Gufeld. Hotellet var visst på topp-ti-lista i verda, ått av Marcos-familien. Det gjekk gjetord om Gufeld og hotellfrukosten. Gufeld byrja med seks glas jus, så fylte han opp den eine tallerkenen etter den andre. «Tea or coffee, sir?», spurde kelneren. «Yes, tea and coffee», sa Gufeld.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement