«Winter Is Coming» heiter ei av bøkene til eksilrussaren Garri Kasparov. Men spalta i dag er ikkje metaforisk, berre konkret.
Om ein i dag pratar med unge russarar eller ukrainarar om ski, vil dei automatisk tenkja på nedoverski, altså alpint. Eg forklåra nyleg ei ukrainsk jente at langrenn, som vi likar i Noreg, er som skiskyting utan skyting. Om det er mogleg å sjå for seg noko slikt. Jau, det hadde ho sett ein gong på TV.
Men Sovjetunionen var annleis, meir som Noreg. Patriarken i sovjetisk sjakk, Mikhail Botvinnik, spela om VM-tittelen i Moskva frå 1948 til 1963. Han bad om at VM-kampane vart spela i april–mai, etter skisesongen, når formkurva var på topp.
To av VM-kampane spela han mot Vasilij Smyslov. Dei to hadde kvar sin datsja utanfor Moskva. Her var det gode skiløyper i Nikolina gora, der Botvinnik hadde ei fast rute på 15 kilometer.
Ein gong tok han med seg Smyslov på skituren. Dei stansa ved ei hytte, der ein skogvaktar med eit sjakkbrett inviterte dei inn og utfordra verdsmeistrane. Botvinnik tok motviljug eit parti, men det varte og rakk. Skogvaktaren var overraskande god og fekk remis.
I bakkane heim sa Botvinnik irritert: «Eg kunne jo ha slått han om eg ville.» «Er du viss på det?» spurde Smyslov og staka for livet. Då skjøna Botvinnik at skogvaktaren hadde fått hjelp til trekka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.