Ski og sjakk
Bobby Fischer får skiinstruksjonar på flatmark, nedst i bakken.
Eg har alltid lika sjakk og ski best. Eg lika å lesa bøker om ski- og sjakk-VM frå 1950-talet og utover. Det var noko med materialet dei nytta, det var så enkelt: treski og trebrikker. Det var ikkje pengar i sportane, korkje i ski eller i sjakk. Det var uskuld utan doping og mobiltelefonjuks. Det fanst ikkje hjelpemiddel som fluor og databasar.
Eg lika at sportane var så eksklusive, berre for dei innvigde. Store land som Kina, India og USA var ikkje med. Om det dukka opp ein amerikanar, vart det bråk (Bill Koch, Bobby Fischer). Ski og sjakk er i eit større perspektiv heilt uviktige for sivilisasjonen, nesten meiningslause, og difor er det berre naturleg at mange ikkje driv med ski og sjakk.
I dag kan ein ha sympati med ski og sjakk når sportane ligg på dødsleiet. Kampen mot klima og kunstig intelligens er umogleg å vinna. Alt i år, i 2023, vantar interessa for dei offisielle meisterskapane.
Under det interskandinaviske ski-VM førre veke gløymde eg å sjå stafettane og femmila. Det har aldri skjedd meg før. Når russaren Jan Nepomnjasjtsjij møter kinesaren Ding Liren til VM-kamp i Astana, Kasakhstan, frå 7. april, vil interessa frå Vesten vera rekordlåg. Det russiske sjakkforbundet melde nyleg overgang frå Europa til Asia, slik at VM-kampen vert ein heilasiatisk diktatorfest.
Og så spørsmålet alle lurer på: Kven er best i kombinert, altså ski og sjakk? Utan å kontakta Ski sjakklubb utanfor Oslo veit eg svaret. Vinnaren, som i VM i Planica, må vera norsk: Magnus Carlsen har best teknikk i klassisk, skøyting og på brettet. Læremeisteren Simen Agdestein var òg ein god skilaupar med mange pokalar frå renn i barndomen.
Carlsen førebudde seg til VM-kampane i 2014 (mot Anand) og 2018 (mot Caruana) med skitrening. Og i romjula i fjor i Almaty vart Carlsen verdsmeister i lynsjakk jamvel om han kom for seint til fyrste runde av di han hadde stått på ski! Sjakk-klokka gav han berre 30 sekund på heile partiet, men det var nok til siger. (Rett nok hadde Carlsen stått alpint, og det er eigenleg ikkje uskuldsreint nok for denne stubben.)
Kva med Sovjet? Var ikkje dei gode i både ski og sjakk? Jau, det vert tema i ei seinare spalte.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonalmeister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.