Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Finst det eit liv for sjakksporten i norske medium etter Magnus Carlsen? Nei, det gjer ikkje det. Det er påfallande kor tyst det er om VM-kampen i Singapore mellom verdsmeister Ding Liren (32) og utfordraren Gukesh (18). Ein journalist frå NRK ringde meg i førre veke for å spørja om ein ung indar. Men det var ikkje tenåringen Gukesh han var interessert i, men treåringen Anish Sarkar, den yngste i verda med ratingtal.
Sjakken lever altså vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta. Det er nok å ta av. Men på same vis som sjakken ville ha vore fattigare utan kunsten eller vitskapen, er spelet også mykje fattigare utan sporten. Som sjakknerd følgjer eg VM-kampen med stor interesse.
India er ikkje berre det mest folkerike landet i verda (1,4 milliardar, litt meir enn Kina), men også landet med størst sjakkinteresse. Sjakkspelet kom frå India for 1500 år sidan, og eg ser gjerne at kongen av sjakken vert indisk. Om Gukesh eller Ding Liren vinn, vil verdsmeisteren kor som er ikkje vera øvst i sjakkhierarkiet. Amerikanske Fabiano Caruana (32) og indiske Arjun Erigaisi (21) er båe høgare rangerte enn VM-duellantane, og alle er eit stykke bak pensjonisten Carlsen.
Carlsen, ja. Han har vorte ekspertkommentator på den nye plattforma si Take Take Take. Kommentatoren veit så mykje om å spela lange VM-kampar (han vann fem av fem tittelkampar mellom 2013 og 2021) at han får Gukesh og Ding til å sjå ut som læregutar. Fyrst i parti 7 var Carlsen nøgd med nivået deira. Gukesh er jo den nye vinen, men som Carlsen seier gong på gong: 18-åringen har ikkje ein intuisjon eller kjensle for spelet som dei beste i historia. Difor er Gukesh direkte svak i lynsjakk. Men i langsjakk er det imponerande kor mykje han reknar. Ifølgje Carlsen går variantrekninga til Gukesh djupare enn hos alle konkurrentane, inkludert hos Carlsen sjølv.
Gukesh inkarnerer dei tradisjonelle indiske talmagikarane, medan Ding Liren er det gode mennesket i konfutsiansk tenking. Båe er smålåtne og sympatiske på asiatisk vis – noko heilt anna enn mediefavorittane Fischer, Kasparov og Carlsen.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.