JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Siv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Siv Thoresen er ei legende i norsk bridge.

Foto: Fredrikstad og Sarpsborg storturnering

1958
20240216
1958
20240216

Nemner du namnet i ei samtale om bridge, er det ingen tvil om kven du siktar til. Nokre misliker ho temmeleg sterkt, men desse evnar ikkje å sjå bak fasaden. Dei kan heller ikkje nekte for at Siv Thoresen, mellom kvinnelege norske bridgespelarar i vår tid, er i særklasse.

Sluttresultatet i sesongen 2023–2024 av seriemeisterskapen provar dette. Tevlinga er bygd opp litt som i fotball, med ei rekkje puljar landet rundt i 4. divisjon, litt færre i 3., tre i 2. og så berre éi pulje i 1. divisjon, eliteserien i norsk bridge. Her spelar tolv sterke lag, og her gjekk Oslo-laget til Siv Thoresen heilt til topps for nokre veker sidan.

Same bragd presterte ho i sesongen 2018–2019; då vart ho historisk som den fyrste kvinnelege seriemeisteren i Noreg, og i mellomtida har ingen andre damer greidd det same. Men no i år hadde ho svenske Jessica Larsson på laget – og tre mannfolk.

Frå den øvste plassen på lista må ein diverre ned til dei to siste for å finne dei resterande damene i eliteserien, mellom anna eit lag som er identisk med det norske damelandslaget, som i førre VM for damelag nådde semifinalen. Men i den norske eliteserien vart det altså nedrykk på landslagsdamene.

Siv Thoresen har vore på damelandslaget, ho òg. Då ho takka for seg for ti år sidan, svara lagkapteinen ein nyfiken journalist med den kryptiske kommentaren: «Damelandslaget passa ikkje for Siv, og Siv passa ikkje for damelandslaget.»

Det er allment kjent at ho kan terge på seg ein gråstein. Med flagrande klede, og ikkje sjeldan ein sigarett i munnvika, passar ho ikkje inn i den heldigvis utdaterte, men enno populære førestillinga om ei pynteleg bridgetante.

Berre det å trekkje inn kjønn som tema her, er kanskje ei krenking, og eg vonar å få eit bryskt tilsvar. Thoresen er ingen kvinneleg bridgespelar – ho er bridgespelar, punktum.

Ja, og i tillegg ein bridgekarakter av klassisk merke.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis