JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Rudenkos bragd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For bragdene i 1941 og 1950 vart Ljudmila Rudenko heidra med ein såkalla Google doodle den 27. juli 2018, der Google-brukarar over heile verda vart introduserte for historia hennar.

Faksimile: Google

2103
20220603
2103
20220603

Kongerekkja – dei 16 verdsmeistrane frå Steinitz til Carlsen – tel 16 sjakkgeni. Kva med dronningrekkja – verdsmeistrane for kvinner? Dei er 17 i talet.

I nyare tid har vi hatt seks kinesiske verdsmeistrar. Før kinesarane dominerte to georgiske ikon, Nona Gaprindasjvili og Maja Tsjiburdanidze, som til saman heldt tittelen i 29 år, frå 1962 til 1991. I historia om kvinnesjakken kjem ein heller ikkje utanom Polgar-systrene frå Ungarn, men berre den eldste av dei tre systrene, Susan Polgar, vart verdsmeister (i 1996). Den yngste og beste, geniale Judit Polgar, ville av prinsipp ikkje spela i kvinneturneringar og var i mange år på ti på topp-lista i verda i open klasse.

Den fyrste verdsmeisteren for kvinner var pioneren Vera Menchik, som voks opp i Moskva med foreldre frå Tsjekkia og England. Ho døydde 38 år gamal i 1944 i eit tysk bombeåtak på London. Mindre kjent enn Menchik, Polgar-systrene, kinesarar og georgiske ikon, er den kjensgjerninga at tre av 17 verdsmeistrar kjem frå Ukraina. Denne historia byrjar med Ljudmila Rudenko (1904–1986).

Ljudmila vart fødd i Poltava, midt i Ukraina. Etter gymnaset drog ho til svartehavsbyen Odesa. Ho vart Odesa-meister i 1925 – ikkje i sjakk, men i symjing. Like etter byrja ho systematisk å satsa på sjakk, men på den tida var alle amatørar. I Sovjetunionen måtte dessutan alle kvinner ut i arbeidslivet.

Rudenko var økonom og ingeniør. Ho flytta til Leningrad i 1929, der ho arbeidde på ein våpenfabrikk. I juli 1941 måtte fabrikk­arbeidarane evakuera til Ufa ved Uralfjella. Evakueringa var vellukka, men det var eitt problem: Borna til arbeidarane var framleis i Leningrad. Då ein skjøna at tyskarane ville kringsetja byen i ein langvarig blokade, melde Rudenko seg til teneste. Ho drog friviljug attende til Leningrad, der ho lukkast med å organisera togtransport til Ufa for 300 born. «Dette var mi største bragd», sa Rudenko seinare.

På sjakkbrettet vart resultata betre og betre. I 1950 vann ho verdsmeisterskapen i Moskva, som den andre i historia etter Vera Menchik.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis