Rotta frå vidda
Til hest i Rødberg. Frå den ferske boka Rolf Martens. Schackgeniet, maoisten och motståndsmannen av stormeisteren Axel Smith.
Per Johan Martens var skuletannlækjar i Rødberg i Numedal, og kona Susanne var lærar. Martens’ farfar var tysk innvandrar, så då krigen kom, var det viktig for Martens å vera ein «god nordmann». Han var aktiv i motstandsrørsla, då sonen Rolf Olav vart fødd 22. februar 1942.
Fem år gamal lærte Rolf sjakk av far sin gjennom C.O. Hovinds klassiske lærebok Sjakk for alle, den mest lesne norske sjakkboka.
I 1950 flytta familien til Malmö. Rolf byrja tala skånsk. I 1967 vart Rolf svensk meister i sjakk, og to år seinare forsvarte faren ein doktorgrad i odontologi i Lund. Då faren døydde i 1975, var det veslesystera Berit som arva huset i Noreg, sidan ho framleis kunne tala norsk.
Rolf var ein bohem og hadde ikkje råd til å vitja Noreg. Men i gravferda hans i 2008 ljoma den norske nasjonalsongen.
Det siste store sjakkfaglege bidraget frå Martens, frå midten av 1980-åra og utover, var høgst originalt: utviklinga av opninga han kalla «norsk» – den svarte springaren hoppar ut på kanten til h5 i trekk 3.
Slik kommenterte Martens sjølv ideen: «H5-feltet er Hardangervidda förstås! – på vidda är jag född – ja, eller nästan i alla fall, och där har vi en liten bit av bakgrunden till öppningens namn.»
Kor seriøst er dette? Seriøst nok til at det norske forsvaret vart nytta i landskampen mot England i sjakk-OL i 2010. Magnus Carlsen overlevde opninga, men tapte i midtspelet mot Michael Adams. Trenaren til Carlsen på den tida, Garri Kasparov, var rasande over at nordmannen friviljug kunne setja springaren på kanten.
Seinare har Carlsen hatt suksess med opninga, mellom anna i VM i lynsjakk. Carlsen talar konsekvent om «The Norwegian Rat», eit namn som no er etablert i sjakkteorien med sidespor som «Nansen-varianten» og «Tordenskjold-varianten».
Mellom Rødberg og det «norska råttförsvaret» ligg eit fantastisk stykke svensk sjakkhistorie. Meir om det neste gong.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.