Sjakk

Rapport frå Ungarn

Richárd Rapport, kultfiguren som leier Norway Chess.
Richárd Rapport, kultfiguren som leier Norway Chess.
Publisert

Ungarn er eit land som er vanskeleg for oss å skjøna. Per Egil Hegge fortalde her i avisa om korleis sjakken vart ein døropnar for han i møte med ungararar. Ungarn har fostra mange store matematikarar – og difor ikkje overraskande mange sterke sjakkspelarar òg.

I dei fyrste sjakk-OL (VM for landslag) på 1920-talet var Ungarn suverene med tre gull på rad. Fleire av dei såkalla hypermodernistane, som utvikla spelet på flankane langt frå sentrum, kom frå Ungarn. Etter krigen vann Sovjet 12 sjakk-OL på rad, men i 1978 kom ein ny generasjon ungararar som sensasjonelt slo dei sovjetiske stjernene. Den store ungarske spelaren i etterkrigsgenerasjonen var Lajos Portisch (f. 1937), baryton og operasongar som den russiske verdsmeisteren Smyslov.

I 1991, 15 år og 4 månader gamal, vart Judit Polgár den hittil yngste stormeisteren i historia. Den symbolske krafta i at rekorden vart teken av ei jente i eit spel dominert av gutar og menn, gjer at eg i dag reknar Polgár (saman med Kasparov og Carlsen) som den største merkevara i sjakken. Polgár var med på det ungarske laget som tok sølv i open klasse i sjakk-OL i 2002 og i Tromsø 2014, den siste turneringa hennar. På sitt beste var ho rangert som nummer 8 i sjakkhierarkiet.

I 1994 tok ein ny ungarar, Péter Lékó, 14 år og 4 månader gamal, rekorden frå Judit som den yngste stormeisteren i verda. Korkje Polgár eller Lékó gjekk på skule. Men medan dei tre Polgár-systrene fekk heimeskule (med mest sjakk på timeplanen), hadde ikkje foreldra til Lékó råd til å ha sjakktalentet heime, så han voks opp åleine saman med godt vaksne austeuropeiske sjakkbomsar. Lékó tapte i 2004 ein VM-kamp mot Kramnik og er i dag ein av sjakkens fremste teoretikarar.

Det store nye namnet i ungarsk sjakk er Richárd Rapport. Han vart stormeister 13 år og 11 månader gamal i 2010. Det var den gongen berre ungarsk rekord (Karjakin noterte 12 år og 7 månader i 2003, Carlsen 13 år og 4 månader i 2004). Rapport er den litt ukjende kultfiguren i verds­eliten. Når eg skriv desse linene, er han i leiinga i Norway Chess og på sjetteplass på verdsrankinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement