Sjakk
Partiet og lagnaden
Soldatar, musikk og sjakk, truleg frå Murmansk. Akvarell av ein ung Leo Joukoff.
Den idylliske øya Mellom-Bolæren i Ytre Oslofjord skjuler ein tragedie, ein gravplass for om lag femti russiske krigsfangar. Dei som vart funne i live 10. mai 1945, var så svekte at mange seinare døydde på sjukehuset i Tønsberg. Leo Joukoff frå Nøtterøy var tolk for krigsfangane etter frigjeringa.
Dottera Kari Joukoff (79) fortel ei dramatisk historie om korleis faren hamna på Nøtterøy. Sjakkbrettet hadde alltid ein sentral plass i heimen, som eit minne om Russland.
Leo Joukoff kom frå ein velståande familie. Som gymnasiast i Moskva etter revolusjonen i 1917 vart han involvert i motstandsrørsla, som kjempa mot bolsjevikane. Mange av venene vart avslørte og drepne. For å berga livet, endra Leo namnet i dåpsattesten og melde seg til teneste i Den raude hæren. Ei jødisk jente som samarbeidde med kommunistane, kjende att Leo og kunne avsløra han, men heldt munn for gamal venskaps skuld.
Leo fekk rifle og uniform og sette seg på toget til Murmansk, 17 år gamal. Han skulle forsvara den viktige jernbana som bolsjevikane hadde bygd ferdig året før. I røynda planla Leo å slutta seg til dei kvite og allierte engelske styrkane i nord.
Togreisa var eit mareritt, med trengsel og matmangel. Dei raude fekk mistanke til Leo, og han vart send på eit tog attende til Moskva. Leo ottast det verste. Han takka gladeleg ja då han fekk tilbod om å spela sjakk mot ein av vaktarane. Leo hadde overtaket på brettet, men den raude offiseren ville ikkje gje seg. «Kan eg gå på toalettet», spurde Leo medan motstandaren tenkte. Toget hadde nett hatt ein stans. Leo tok ei rifle og kasta seg ut av toget som var i sakte fart. Han rulla ned i ei grøft medan soldatane skaut etter han. Toget rasa vidare, men sjakkpartiet var over.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.