Sjakk

Partiet mot romanen

Sorokin og computeren Mephisto i ein faksimile frå popsy.ru.
Sorokin og computeren Mephisto i ein faksimile frå popsy.ru.
Publisert Sist oppdatert

Det tikka inn ei melding frå ein kjend norsk forfattar, topp 5 i landet om ein hadde hatt ratinglister for forfattarskapar. Hen bad om å få vera anonym, men sa entusiastisk at Sjakkpartiet gav publikummaren like mykje, om ikkje meir, enn Romanen.

Kvar sin smak, sjølvsagt. Men Vladimir Sorokin (f. 1955), topp 5 i postsovjetisk russisk litteratur, seier det same. I ein tekst om sjakken og livet (snob.ru 2009) skriv han rett ut at ein kan nyta eit sjakkparti som eit stykke litteratur. Dei to bøkene han alltid vender attende til på nattbordet, er partisamlinga til Bobby Fischer og Krig og fred av Lev Tolstoj.

Den norske forfattaren i fyrste avsnitt og den russiske i andre er båe born av Fischer. Den norske sjakkhistorikaren Øystein Brekke (f. 1956) sa til meg nyleg: «Når ein seier at Carlsen er sjakkens Mozart, lyder det merkeleg for generasjonen min. Mozart – det er jo Fischer!»

For Sorokin kom sjakken inn i livet då han som 17-åring spaserte i Gorkij-parken i Moskva under VM-kampen i 1972. Kven var desse menneska som sat og spela i parken, kva var dette for ei verd? Alle i parken prata om amerikanaren Fischer som åleine slo det sovjetiske maskineriet med verdsmeisteren Boris Spasskij i front.

Sidan den gongen har Sorokin spela sjakk dagleg.

Frå sjakken lærer ein at mennesket eksisterer i tida, skriv Sorokin og kjem med eit døme frå eit litteraturarrangement i Tokyo i 1999. Han sat og spela ein kongegambit mot sjakkcomputeren sin, Mephisto, då byen vart råka av eit jordskjelv. «Det fyrste jordskjelvet er som den fyrste kjærleiken, ein mister hovudet.» Kva skulle han gjera? Kasta seg ut or vindauget? Så hugsa han verdsmeister Lasker: «Om du har funne eit godt trekk, vent litt, kan henda finn du eit endå betre.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement