Sjakk
Kva skjedde med Tukmakov?
Sjakkens dag i Odesa i 2016, med stormeister Tukmakov.
Foto: O. Konstantinov.
«Victor Tukmakovs siste vinter», som opnar novellesamlinga Sjakkspillere av Eivind Riise Hauge (f. 1980), tek lesaren attende til eit sjakkparti i 1981. Beljavskij møter eit genialt springaroffer frå Tukmakov med den sjakkdesperate formuleringa: «Springeren kan han ikke slå, og like umulig er det å la være.»
I debutnovella frå 2010 var det viktig for den unge bergensforfattaren å formidla sjakkens sovjetnostalgi, men om spelarane var russiske eller ukrainske, var heilt uvesentleg. Uvesentleg den gongen.
I røynda kom stormeister og major i den sovjetiske hæren Vladimir Tukmakov (f. 1946) til Aker Brygge i 1987 for å spela Europacup for hærens lag, CSKA Moskva, mot Simen Agdestein og Oslo Schakselskap. Tukmakov og Agdestein vann eitt parti kvar (1–1). Eg var på plass og hugsar framleis kor dårleg Tukmakov likte å tapa mot ein nordmann.
I novella kjem Tukmakov, som ein halvgamal sjakkproff mange år etter glanspartiet mot Beljavskij, til Bergen for å spela lagsjakk for nokre tusenlappar. Møtet mellom stormeisteren og amatørane går ikkje bra. Tukmakov vert fysisk dårleg over nivået til motstandarane og lagkameratane frå Vestlandet. Han spring ut av lokalet etter å ha vunne partiet sitt og krev at lagleiaren finn ein ny spelar til andrebordet. Tukmakov maktar ikkje sitja ved sida av og sjå på spelet til lagkameraten.
Korleis går det med Beljavskij og Tukmakov i den verkelege verda utanfor litteraturen? Dei sovjetiske stormeistrane var alle fødde ein stad i unionen, men spørsmålet om kvar er ikkje lenger likegyldig. Aleksandr Beljavskij (f. 1953) kjem frå Lviv i Vest-Ukraina, men bur no i Slovenia. Han var ein periode på 1980-talet nummer tre i verda etter Karpov og Kasparov.
Tukmakov kjem frå Odesa ved Svartehavet. Han er ein av dei fremste teoretikarane i sjakkverda. Han har vore personleg trenar for Anish Giri og Wesley So, båe i verdstoppen. Han var òg trenar for Ukraina då heimlandet vann sjakk-OL i 2004 og 2010.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.