JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Kva er det med Nederland?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Twitter-krigen mot Anish Giri er Carlsen «too weak, too slow», for å nytta verdsmeisterens eigne ord om ein stormeisterkollega.

Foto: Alina l’Ami / Tata Steel Chess

2177
20210226
2177
20210226

Ein går snøgt tom i selskapsleiken «sjakkspelarar i Belgia». Men Nederland, det er noko heilt anna. Om ein går i djupna, finn ein dei lange linene, til dømes adelsfamilien van Foreest, som på 1800-talet vann seks nasjonale meisterskapar.

Tippoldebarnet Jorden van Foreest (21) vann årets superturnering i Wijk aan Zee føre landsmannen Anish Giri (26). Veslebror Lucas van Foreest (19) er òg stormeister – og veslesyster Machteld (14) ville ha vore god nok for det norske kvinnelandslaget.

Landet vart råka av sjakkfeber då Max Euwe slo Alekhin i 1935 og vart verdsmeister i to år, til han tapte revansjeoppgjeret i 1937. Seinare var Euwe òg president i verdssjakkforbundet FIDE. Den lange mannen var den mest umerkelege av dei 16 sjakkverdsmeistrane, ein sympatisk og grå professor. Nederlendarane elskar dr. Euwe.

Under og etter Euwe blømde sjakk-kulturen. På 1970- og 1980-talet skildra dei nederlandske stormeistrane Donner, Ree og Sosonko (emigrant frå Leningrad) sjakkspelet som om det var eit stykke litteratur. I tillegg serverte Jan Timman, nummer tre i verda på 80-talet, dei djupaste sjakkanalysane ein hadde sett på prent.

I Nederland har ein alltid skjøna at utlendingar ikkje vil læra seg nederlandsk. Sjakkbladet Schaakbulletin endra i 1984 namn til New In Chess og har sidan vore rekna som best i verda.

Kva med Noreg? Vel, Magnus Carlsen vil ikkje lenger sitja still og sjå på dette, så 1. februar i år vart det offisielt at selskapet Play Magnus har kjøpt New In Chess, som framleis vil verta produsert i Amsterdam. Eg har mist oversikta over alt dei eig, men børsen seier at butikken Play Magnus er god for langt over ein milliard kroner.

Men ikkje alt kan kjøpast for pengar. Ta til dømes sjakkhumoren som dei nederlandske skribentane dyrka fram under Euwe. Ein objektiv humoranalyse syner at Carlsen er morosam, ein god nummer to i sjakkverda. Diverre hatar Carlsen å vera nest best. Men best kan han ikkje bli, for på toppen i humorhierarkiet sit Giri trygt. Alt det morosame Carlsen seier – med avanserte sjakkreferansar og ordspel – vil Giri gjera litt snøggare og betre.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis