Sjakk

Kunstnaroriginalen

Mikhail Tal (t.v.) meinte at David Bronstein frå Kyiv var eit geni.
Mikhail Tal (t.v.) meinte at David Bronstein frå Kyiv var eit geni.
Publisert

Sjakk som sport og vitskap – tanken var så uuthaldeleg keisam at David Bronstein (1924–2006) ikkje visste kvar han skulle gjera av seg. Kongerekkja med verdsmeistrane frå 1886? «Gudskjelov at eg ikkje er ein av dei», sa Bronstein. Om det finst ein ekte verdsmeister, må det vera Paul Morphy på midten av 1800-talet, meinte Bronstein.

«Dei driv jo berre med konkurranse og fiendskap. Men sjakk er sjakk! Sjakk er kunst!», sa Bronstein og la til: «Om eg ville, kunne eg ha tatt tittelen frå Botvinnik i 1951. Trur de verkeleg at eg ikkje såg springartrekket til e7 i det 23. partiet?»

VM-kampen i Moskva mellom Bronstein og regjerande meister Mikhail Botvinnik enda 12–12 etter at utfordraren tapte det nest siste partiet då han ikkje spela springaren til e7 som ville ha gjeve han eit avgjerande halvpoeng ekstra. Dei neste 50 åra koketterte Bronstein med at han heva seg over verdsmeistertittelen.

Som ung gut i Kyiv drøymde han om å verta matematikar, men han vart nekta høgare utdanning av di far hans var ein «folkefiende» med sju år i Stalins fangeleir. I 1951 kom faren seg til Moskva med falsk identitet og fekk oppleva VM-kampen i Tsjajkovskij-hallen. Sonen var eigenleg innkalla til øving i militæret. Då namnet vart ropt opp, steig ein annan sjakkspelar fram og sa: «Meinig Bronstein er fråverande då han spelar VM-kamp i sjakk.»

For individualisten Bronstein var sjakken, i eit autoritært regime, ein friplass der han kunne skapa ekte kunst. Ein gong tenkte han i 40 minutt på det fyrste trekket i utgangsstillinga. «Tru meg, om ein stormeister tenkjer i 40 minutt, er det noko å tenkja på», sa Bronstein etterpå.

«Den kreative sjakken byrja med Bronstein», sa verdsmeister Petrosjan. «Han var det største geniet i sovjetsjakken», sa verdsmeister Tal. «Han var ein av ‘oss’», sa verdsmeister Smyslov. «Han er psykisk ustabil», skreiv Botvinnik i dagboka si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement