Kunsten på brettet
Magnus Carlsen under Norway Chess 2022.
Foto: Carina Johansen / NTB
Sjakkhausten har vore ko-ko. Det byrja då Magnus Carlsen i september gav opp etter eitt trekk mot Hans Niemann. Den implisitte jukseskuldinga frå verdsmeisteren førte til eit absurd milliardsøksmål frå den unge amerikanaren.
For eit par veker sidan gav Rauf Mamedov òg opp partiet etter eitt trekk – mot Carlsen. Stormeisteren frå Aserbajdsjan var krenkt over at Carlsen som svart vanvyrde den sovjetiske sjakkskulen og sjakk som vitskap då han spela bonden til g5 i fyrstetrekket, det dårlegaste trekket på brettet i klassisk sjakk.
Denne veka byrja Carlsen på ny partiet med bonden til g5, men no vart han unisont hylla som eit geni. Trekket, som bar i seg eit lauparoffer i diagonalen frå kvit dronning på a1 til ein svart laupar på h8, kom heilt overraskande på motstandaren Hikaru Nakamura. Men denne gongen var det ikkje juks eller (anti)vitskap – det var fyrste dag av verdsmeisterskapen i fischersjakk, der sjakk er rein kunst og kreativitet (og litt sport og pengar).
I fischersjakk vert spelarane tvinga inn i kreativt kaos når offiserane vert plasserte på fyrste- og åttanderada gjennom loddtrekning. «Om de vil sjå kunst, må de gå ein annan plass», sa Carlsen til pressa etter ein snøgg og keisam opningsteoretisk remis i VM-kampen mot Sergej Karjakin i 2016. Fjorten månader seinare, på Henie Onstad Kunstsenter, var Carlsen sjølv hovudpersonen i ein sjakkperformance mot Nakamura i eit uoffisielt VM i fischersjakk. Spelarane sat under eit stort bilete av grava til Bobby Fischer på Island. «Eg gjer son din til eit kunstverk», sa fotograf og initiativtakar Dag Alveng til Henrik Carlsen på tilskodarplass.
Eg skreiv om fischersjakk i Dag og Tid i 2015 og gav Alveng ideen til denne kunstforma. Personleg spelar eg nesten berre fischersjakk, eit spel der ein alltid lærer noko nytt, der kunsten aldri er bunden av den klassiske tvangstrøya som i sjakken vert kalla opningsteori.
Frå 2019 er Fischer-greina offisiell, og årets VM vert arrangert i Reykjavík der Fischer vart verdsmeister i 1972. I 1996 formulerte han rokadereglane for fischersjakk. I 2008 døydde geniet i eksil på Island.
Om alt går etter planen, men det veit ein aldri i fischersjakk, spelar Carlsen denne helga semifinale på laurdag og finale på sundag.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.