Krigen i kulissene
Jan-Krzysztof Duda frå Polen nekta å helsa på den russiske motstandaren Denis Khismatullin.
Skjermdump frå TV-sendinga av snøggsjakk-VM
Sjakkinteresserte nordmenn kunne som alltid fylgja verdsmeisterskapen på NRK i romjula. Og som vanleg vann vår mann, Carlsen. Som kommentator på TV-sendingane var det ikkje ofte eg fekk høve til å prata om den store sjakknasjonen Ukraina. Han finst ikkje lenger.
Dominerande i TV-ruta var «nasjonen» Fide, eit akronym for russarar (og belarusarar) under falskt flagg. Kreml har full kontroll over sjakken gjennom Fide-president Arkadij Dvorkovitsj, som no har teke «ein Putin» og reversert regelverket slik at han kan sitja så lenge Kreml vil ha han i presidentstolen.
Ukraina tapte på og utanfor brettet i romjula. Stormeister Nazar Firman heldt seg heime og underviste born på Lviv Chess Academy den 28. desember. Same dag vann Anastasia Bodnaruk frå St. Petersburg kvinneklassen i snøggsjakk-VM. Dagen etter vart sjakkskulen til Firman i Lviv bomba av russarane, som intensiverte åtaka over heile Ukraina, og Bodnaruk fekk gratulasjonstelegram frå Putin.
Bodnaruk klaga over at Anna Muzytsjuk, motstandaren hennar frå Lviv og tredobbel verdsmeister i snøggsjakk, ikkje tok henne i handa før og etter partiet. Det var mange slike episodar i VM. NRK synte eit glimt frå siste runde i lynsjakken mellom Valentina Gunina frå Murmansk og Muzytsjuk. «Dei ser så alvorlege ut», kommenterte Ole Rolfsrud. Ja, det er krig. Gunina vart verdsmeister – utan gratulasjon frå Muzytsjuk. Det såg ut som den ferske verdsmeisteren Gunina døydde av skam. «Vi pratar ikkje lenger med ukrainarane», sa dei russiske kvinnene til russisk presse.
Den polske stjerna Jan-Krzysztof Duda nekta å helsa på motstandaren Denis Khismatullin, ein russisk krigshissar som har vore mykje i okkuperte område.
Den beste ukrainske spelaren Pavel Eljanov heldt seg borte frå VM. Den 2. januar i år vart husværet til mor hans i Kharkiv treft av ein russisk rakett.
Supertalentet Kirill Sjevtsjenko (21) frå Kyiv, som har slege Carlsen fleire gonger, representerer no Romania. Resultata hans i lynsjakken 29. desember var surrealistiske. Han tapte mot den eine amatøren etter den andre og låg nesten sist i feltet blant 200 mann då han i 9. runde møtte ein åtteåring (!) frå Russland. Sjevtsjenko – med 500 ratingpoeng meir – tapte òg mot gutungen. Han trekte seg straks frå turneringa. Det går ikkje bra for Ukraina.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.