Sjakk

Krigen i kulissane

Kandidatturneringa i Madrid fekk ein suveren vinnar i Jan Nepomnjasjtsjij (31), utfordraren som berre for eit halvt år sidan var sjanselaus mot Magnus Carlsen (31). Her frå Norway Chess 2021 i Stavanger.
Kandidatturneringa i Madrid fekk ein suveren vinnar i Jan Nepomnjasjtsjij (31), utfordraren som berre for eit halvt år sidan var sjanselaus mot Magnus Carlsen (31). Her frå Norway Chess 2021 i Stavanger.
Publisert Sist oppdatert

Denne gongen er det ikkje tvil om at sjakk er storpolitikk. Russland og Kina kjempar om verdsdominans – men vesle Noreg dikterer alt.

Kandidatturneringa i Madrid fekk ein suveren vinnar i Jan Nepomnjasjtsjij (31), utfordraren som berre for eit halvt år sidan var sjanselaus mot Magnus Carlsen (31). Endeleg fekk «Nepo» utteljing for førebuingane han og russiske supermaskinar gjorde til VM-kampen. Dei nye ideane som ikkje kom til yta mot ein smart Carlsen, var meir enn gode nok mot resten av verdseliten.

Spørsmålet er om nivået er godt nok i ein ny kamp mot Carlsen. Svaret får vi kan henda aldri, av di Carlsen har ymta om at han ikkje er motivert til fleire VM-kampar av den tradisjonelle typen. Eg skjønar at Carlsen har fått nok: Han har slege den førre generasjonen (Anand to gonger, i 2013 og 2014) og han har slege sin eigen generasjon (Karjakin 2016, Caruana 2018 og Nepomnjasjtsjij 2021). Ein VM-kamp mot den neste generasjonen kunne inspirera Carlsen, men slik vert det ikkje.

Norske ekspertar (Hammer, Tari, Bae med fleire) trur difor Carlsen seier frå seg tittelen utan spel. Dei utanlandske konkurrentane trur derimot at Carlsen bløffar. Verdsmeisteren, slik Bobby Fischer gjorde i 1974, krev no endringar i formatet. Fischer hadde 179 krav. Carlsen har nok ein meir konstruktiv dialog med FIDE.

Om Carlsen likevel trekkjer seg, vert VM i 2023 ein duell mellom Nepo og Ding Liren (nummer to i Madrid). Nordmannen kan altså skuva kinesaren i fanget på russaren. For (sjakk)verda er dette dårleg nytt, både sportsleg og politisk (med eller utan Ding). Det mest akutte problemet er at Nepo er sponsa av eigaren av Norilsk Nikel, den rikaste oligarken i Russland, Vladimir Potanin, som er på den britiske sanksjonslista.

Nepomnjasjtsjij er eit symptom på det moderne, liberale Russland: Han reagerte med avsky mot krigen 25. februar i år, dagen etter invasjonen, men har seinare halde ein låg profil. Med tida har han tilpassa seg den nye situasjonen i heimlandet, der krigen er ein normaltilstand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement