Sjakk
Kjensla av tid
Karl Petter Jernberg visste at motstandaren måtte nå ferja.
Foto: Rolf Haug
Sjakknostalgi er minnet om den gongen eit sjakkparti tok tid. Lang tid. Og vi hadde publikum; dei var ikkje mange, men dei var menneske i tid og rom som slukte ein geisp eit par meter frå tausperringane. I dag går alt mykje snøggare, og alle tilskodarane sit heime på internett.
Før sjakklokka kom i bruk fyrste gong i London i 1883, gjekk det historier om parti som vart avbrotne av domaren då båe spelarane hadde sovna. Vegard Steen, ein sjakkveteran frå Gjøvik, søv berre når motstandaren er i trekket. Han vaknar automatisk av den vesle ljoden frå sjakkbrikka. Men ein gong vakna han ikkje av trekket til motstandaren, og ein måtte vekkja han: «Skal ein ikkje få sova i fred», mumla Steen og gjorde trekket sitt.
Dagbladet skreiv for 40 år sidan om ein tromsøspelar som sovna, fekk kongen i auga og måtte på sjukehus. Ei anna historie er frå Karl Petter Jernberg, æresmedlem i Tromsø sjakklubb. Han hadde tapt alt i turneringa, men fekk revansje i siste runde: «Æ sto tårn under, og han tilbydde remis. Men æ avslo. Æ vesste han måtte ta ferga.»
Mest ekstremt var postsjakk, der eit parti kunne ta fleire år. Under ein poststreik i England i 1971 rapporterte ein spelar i tidsskriftet Chess: Mellom det femte og sjette trekket mitt fekk eg bart.
I klassisk turneringssjakk var tenkjetida som regel to og ein halv time for kvar spelar på dei fyrste 40 trekka før ein fekk ny tid. Ein kunne gjerne halda det gåande i sju–åtte timar. Rekorden er 24 timar effektivt spel i eit parti på 193 trekk frå Israel i 1980.
Estlendaren Paul Keres (1916–1975), ein av dei beste stormeistrane som aldri var verdsmeister, tok seg av og til «tjue minutt» når han sjølv var i trekket. «Publikum trur eg tenkjer på noko djupt, men eg har ikkje ein tanke i hovudet. Eg nyttar ein teknikk der eg søv med opne auge.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.