Sjakk
Jarnkvinna bak jarnmannen
Fru Leeuwerik og herr Kortsjnoj.
Foto frå Igor Kortsjno
«Korleis skriv ein ‘politisk asyl’ på engelsk?», spurde Viktor Kortsjnoj frå Leningrad under ei turnering i Amsterdam i 1975.
Stormeisterkollega Tony Miles visste svaret. Kona og sonen til Kortsjnoj kom seg ikkje ut før i 1982.
Kortsjnoj (1931–2016) var åleine og desorientert i Vesten då han gav ei simultanoppvising i Sveits i 1976. Han spela mot ei kvinne og la merke til boka ho las mellom trekka. Det var ei russisk utgåve av romanen Oppstandelse av Lev Tolstoj. «Po-russki?», spurde Kortsjnoj.
Petra Leeuwerik hadde freista den same taktikken nokre år tidlegare med avhopparen og nobelsprisvinnaren i litteratur, Aleksandr Solzjenitsyn. Med Kortsjnoj fekk ho endeleg ein verdskjend dissident på kroken. Det gav meining til lagnaden hennar.
Unge Leeuwerik vart arrestert i Wien av sovjetisk etterretning like etter krigen, skulda for spionasje for USA. Ho kom til Gulag-leiren i Vorkuta i Komi nord for Polarsirkelen. Her var ho i ti år, fram til 1956, og lærte seg russisk.
Då forrædaren Kortsjnoj spela VM-kampar mot 20 år yngre Anatolij Karpov i 1978 og 1981, vart Leeuwerik på ny den «amerikanske spionen» og eit hatobjekt i sovjetisk presse. Karpov pratar framleis i dag om kor ille ho var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.