Islendingen i Lviv
Stormeister Margeir Petursson (63) utanfor banken sin i Lviv.
Foto: Iryna Vorobjova.
Det er nesten ikkje til å tru at vesle Island spela 2–2 mot giganten Sovjetunionen i sjakk-OL i 1986. Garri Kasparov vann partiet sitt, men Margeir Petursson utlikna landskampen med siger mot Vitalij Tsjesjkovskij.
Den islandske sjakksoga skaut fart i 1972, då VM-kampen mellom Bobby Fischer og Boris Spasskij vart arrangert i Reykjavik. Unge islandske gutar, til dømes 12 år gamle Margeir, vart hekta på sjakk. Margeir gjorde som amerikanaren Fischer og lærte seg russisk.
På 1980-talet var den nye islandske generasjonen, dei fire frå OL-laget, dominerande i Norden. I Noreg hadde vi berre Simen Agdestein på same nivå. På sitt beste slo Petursson verdsmeister Spasskij og spela remis mot verdsmeistrane Smyslov, Tal, Kasparov og Anand.
Under ei lynturnering på Reykjavik i 2004 vann Petursson mot 13 år gamle Magnus Carlsen. Den islandske stormeisteren angra seinare på at han ikkje rekonstruerte og noterte ned partiet.
Men mot Agdestein gjekk det alltid dårleg for Petursson. Han var Agdesteins «favorittklient» for å nytta sjakk-bank-terminologi.
Margeir Petursson hadde talent for både sjakk og finans. Han starta sin eigen bank på Island, MP Bank (etter initialane i namnet hans), den einaste banken som ikkje gjekk dukken under den islandske bankkrisa i 2007–2008.
I 2006 kjøpte Petursson Bank Lviv i Vest-Ukraina. Han flytta etter kvart til Lviv. Han selde seg ut av den islandske banknæringa i 2011 som ein av Islands rikaste. Sidan har han budd permanent i Lviv, der han har opna «Peturssons sjakklubb». Banken hans har opna ein filial i Kyiv, men han tok eit val i 2006 om aldri å kryssa elva Dnipro. Han har lært seg å handtera oligarkane i vest, men vil ikkje ha noko å gjera med oligarkane i aust.
Krigen har styrka kjærleiken til Ukraina, og Petursson har valt å bli buande i Lviv, ein vakker historisk by, der ukrainsk språk dominerer fullt og heilt. Petursson seier at han er van med kriser, og at banken hans klarer seg godt. Han held kontakten med islandsk sjakk som islandsk landslagskaptein.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.