JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Handikap før og no

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Verdsmeisteren Mikhail Tal briljerte i lystig lag med eit handikaptriks: Tal lovde å setja amatøren matt med ein springar på eit felt amatøren valde før partiet. I røynda er dette eit lite handikap, sidan trollmannen Tal kunne veksla inn ein bonde på åttanderada til ein ekstra springar om naudsynt.

Foto: D. Donskoj / Novosti Press

2057
20230707
2057
20230707

Den reine duellen mellom to jamgode hjernar kan, på eit visst nivå, vera ufatteleg interessant. Problemet til duellsportane er at det er heilt uinteressant å spela mot dei som er på eit mykje lægre nivå. Når nokon seier jovialt «vi må ta eit parti ein dag», tenkjer eg alltid «nei, det må vi ikkje».

Då ville eg heller ha vore i eit sosialt lag med prins Philip. Under ei tilstelling på Buckingham Palace kom hertugen av Edinburgh i prat med VM-utfordraren Nigel Short: «Sjakk? Kvifor det? Gjer heller hagearbeid – då kjem du deg ut og får litt mosjon.»

Men kva gjer ein i sumarferien når borna vil spela sjakk? Å tapa med vilje er ei synd. Alternativet er heller ikkje uproblematisk: å slå ungen på brettet til han græt, og så seia som far til seinare verdsmeister Anatolij Karpov: «Om du græt når du taper, spelar eg aldri meir med deg.» Tolja (5) svelgde tårene og stilte opp brikkene til nytt parti.

Det beste er å spela med handikap. Då son min var seks år, spela vi ei heil veke på bassengkanten i Mallorca. Eg byrja utan dronning og to tårn den fyrste dagen, så utan dronning og eitt tårn den neste dagen. Det var vinn–vinn: Eg freista vinna på kreativt vis, og son min oppdaga ei ny verd.

Handikapsjakk var vanlegare før. Det fyrste sjakkgeniet, Paul Morphy (1837–1884), kunne slå alle heime i USA med springar «i forgåve», som ein seier. Han kunne spela utan f7-bonden mot dei beste i Europa.

I asiatiske brettspel som shogi (japansk sjakk) er handikap den vanlege speleforma, og der kan datamaskinane gje ein laupar i forgåve mot verdsmeisteren. Den einaste sjakkstormeisteren som har perfeksjonert handikapsjakk, er dataingeniøren Larry Kaufmann, som har bakgrunn frå shogi. Amerikanaren ynskjer å testa Magnus Carlsen mot maskinane. Kaufmann trur at Carlsen vil tapa om han berre får h-bonden (tårnbonden) i forgåve, men at verdseinaren har ein sjanse om han får f-bonden (lauparbonden) i forgåve. Med ein laupar eller springar ekstra vil Carlsen vinna lett, får ein tru.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis