Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Han sette ein solid rekord i Singapore førre veke: Garri Kasparov (1985) og Magnus Carlsen (2013) var båe 22 år gamle. Mikhail Tal var 23 år då han vann tittelen i 1960, men då han kom heim til mor si i Riga eitt år seinare, etter revansjeoppgjeret mot Botvinnik i Moskva, møtte han henne med orda: «Mor, eg er den yngste eksverdsmeisteren i historia!»
Kan henda tek Gukesh også den rekorden, men no kan han kvila på laurbæra i to år. Gukesh har ikkje intuisjonen til Carlsen, men det er uvisst om ein 18-åring kan forbetra intuisjonen, som gjerne festar seg i dei tidlege tenåra. På dei fleste andre område er Gukesh nærast perfekt.
Men føre seg på ratinglista har Gukesh ikkje berre Carlsen, men til dømes Fabiano Caruana (32). Carlsen, som flittig kommenterte årets VM-kamp, la ikkje skjul på at nivået til Gukesh ikkje ville ha vore godt nok mot ein Caruana. Den ferske meisteren svara at han framleis ikkje har realisert draumen om å verta best i verda, altså betre enn Carlsen.
VM-kampen mellom Gukesh og Ding Liren, som enda 7,5–6,5, hadde ein parallell i Vishy Anand mot Veselin Topalov i 2010. Båe VM-kampane var underhaldande og spanande med relativt få remisar. Dei var heilt jamne fram til siste parti, der tittelen vart avgjord med siger til svart: Anand i 2010 og Gukesh i 2024.
Til samanlikning var Carlsen anten for overlegen (mot Anand i 2013 og Nepomnjasjtsjij i 2021), eller det vart for mange remisar: Mot Caruana i 2018 enda alle partia i remis før Carlsen vann omspelet. Og her er vi ved eit paradoks: Publikum og ekspertar vil ha sigrar, sjansespel og ubalanse som i årets duell. Men alle vil òg ha sjakk på aller høgste nivå. Kva som skjer når begge spelar nærast utan feil, fekk vi demonstrert av Carlsen og Caruana.
Carlsen ser ikkje noka løysing på dilemmaet og vil ikkje lenger vera med på leiken. Sjakkverda vert difor nesten heilt sikkert snytt for generasjonsoppgjeret Gukesh–Carlsen i 2026. Carlsen veit at i ein slik hypotetisk duell vil den mogne 20-åringen Gukesh imitera computersjakken til Caruana. Då kjem dei endelause remisane, som Carlsen har fått nok av.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.