Geniduell
Eit vakkert møte mellom Carlsen og Ivantsjuk i Baku.
Foto: Fide
Fyrste duell i verdscupen i august: Ivantsjuk trong seks parti for å slå ut ein stormeister frå Chile, medan Carlsen vann 2–0 mot ein georgiar. Andre duell: Carlsen vann snøgt 1,5–0,5 mot landsmannen Tari, medan Ivantsjuk etter fire parti slo ut den 30 år yngre kinesaren Wei Yi, som for nokre år sidan var rekna som det største talentet i verda. Tredje duell: Både Carlsen og Ivantsjuk trong seks parti for å vinna – Carlsen mot ein ung tyskar og Ivantsjuk mot ein tyrkisk stormeister.
Så fekk vi endeleg eit genimøte i verdscupen i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Det var ei kjensle av at dette kunne vera siste gongen. Vasylj Ivantsjuk (54) frå Lviv har ikkje spela turneringar på lang tid. Og kvifor skulle han det? Heimlandet hans er under åtak.
47 år gamal i 2016 vann Ivantsjuk mot Carlsen og tok sigeren i VM i snøggsjakk, men det er berre ein parentes i eit portrett. Det er ikkje resultata hans som imponerer, men kreativiteten, dei originale ideane, fanatismen. Garri Kasparov, som tapte stygt mot Ivantsjuk eit par gonger på 90-talet, sa: «Kan henda skjønar Ivantsjuk dette spelet på eit djupare plan enn nokon av oss andre.»
«Du som alltid tenkjer på sjakk, når kan du kvila?» vart han spurd ein gong. «Mellom variantane», svara Ivantsjuk.
Russaren Aleksandr Khalifman, tidlegare Fide-verdsmeister, kommenterte no frå Baku: «Når kollegaer nyttar merkelappen ‘geni’ om Ivantsjuk, er det ikkje eit tomt ord, men ei kompetent vurdering.» Alt i 1991 var Ivantsjuk nummer to i verda bak Kasparov, men ingen trudde han kunne verta verdsmeister. Han var ikkje ein idrettsmann, men eit eksentrisk geni.
«Kva tenkjer du om at alle kallar deg for eit geni?» «Eg kan ikkje hugsa at det har plaga meg», svara Ivantsjuk for nokre år sidan.
Eg legg merke til at ikkje berre amatørane, men også stormeistrane no kallar Carlsen unisont for eit geni. Ein har byrja summera opp karrieren hans. Dei tre nolevande kanoniserte genia i sjakken er Carlsen, Ivantsjuk og Kasparov.
Ivantsjuk spela kreativt og godt i opninga, men idrettsmannen Carlsen, som trass alt er berre 32 år gamal, meisla ut eit posisjonelt meisterstykke i fyrste parti. 1–0. I andre parti med svart kunne Carlsen vera nøgd med remis, men han spela for å vinna. Og han vann. 2–0. «Eg er ikkje kjend for å vera godhjarta», sa Carlsen og gjekk vidare til kvartfinalen. Ivantsjuk drog heim til krigen.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.