Sjakk

Fantastiske Vera Menchik

Jovialt før runden i London 1932. Menchik har svart mot Maróczy; Alekhin har kvit mot Sultan Khan.
Jovialt før runden i London 1932. Menchik har svart mot Maróczy; Alekhin har kvit mot Sultan Khan.
Publisert

Vera Menchik vert ofte nemnd i ei anekdotisk leddsetning når temaet kvinner og sjakk dukkar opp. Det er på tide å gje henne ei hovudrolle.

Som sjakkhistorikaren Andrej Terekhov skriv i ein artikkel på Chess.com, er gjennombrotet til Menchik i dei patriarkalske 1920-åra meir oppsiktsvekkjande enn fiksjonskarakteren Beth Harmon på 1960-talet i Netflix-suksessen The Queen’s Gambit.

Vera, fødd i 1906, voks opp i Moskva med tsjekkisk far og engelsk mor som arbeidde for den russiske overklassen. Jenta gjekk på ein privat jenteskule og snakka berre russisk. Etter revolusjonen i 1917 flytta andre familiar inn i huset deira, og Vera måtte byta til ein skule som korkje hadde vatn, varme eller elektrisitet.

Foreldra skilde lag i 1921, og Vera drog med mora og systera til Hastings i England. Sidan ho ikkje talte engelsk særleg godt, spela ho meir og meir sjakk, der ein ikkje treng opna munnen på fem timar. Ho spela alltid mot menn. Då den fyrste verdsmeisterskapen for kvinner vart arrangert i London i 1927, vann ho med ti sigrar og berre éin remis.

VM for kvinner vart sterkare på 30-talet, men Menchik var alltid suveren med ein score rundt 90 prosent og heldt tittelen til ho døydde. Meir interessant er resultata mot dei beste mennene. Då austerrikaren Hans Kmoch såg namnet Vera på deltakarlista i Karlsbad i 1929, sa han at han vurderte «å byrja med dameballett». Landsmannen Albert Becker føreslo til allmenn lått å skipa ein klubb for dei som tapte mot frøken Menchik.

Eit par dagar seinare tapte Becker og vart utnemnd til «president i Vera Menchik-klubben». Klubben skulle dei neste 15 åra få mange prominente medlemer. Menchik slo mellom andre verdsmeister Max Euwe to gonger. Det skal seiast at ho kom til kort mot Capablanca (0 av 9) og Alekhin (0 av 8).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement