Sjakk
Eit make par
Den gongen det dansk-litauiske paret kunne kommentera sjakk i Russland.
Foto: Fide.com
To stormeistrar. Ein finn ikkje eit sterkare sjakkpar. Ho har vore i den absolutte verdseliten for kvinner og er stormeister uavhengig av kjønn. Han var den beste spelaren i Norden.
Ho har gjort karriere utanfor heimen. Han sit heime og puslar med fire søner. Ho har lært han det han kan om internasjonal storpolitikk. Han sit heime og skriv rasande innlegg på sosiale medium. Ho røder med Volodymyr Zelenskyj. Han røder med Magnus Carlsen.
I mai 2004 tapte danske Peter Heine Nielsen (30) i ei slavisk opning mot Magnus (13). Det var vendepunktet, men ikkje ein tragedie for Nordens høgst rangerte spelar. Han hadde eit par år tidlegare byrja arbeida som trenar for indaren Vishy Anand. Den fyrste VM-tittelen for Anand i klassisk sjakk kom i 2007 (VM-turnering), det same året som Viktorija Cmilyte (24) skilde seg frå den russisk-latvisk-spanske sjakkektemannen sin, verdstoppen Aleksej Sjirov.
Anand forsvarte VM-tittelen i 2008 (Kramnik), 2010 (Topalov) og 2012 (Gelfand). Så vart dansken sjeftrenar for Carlsen. Han hjelpte nordmannen til VM-tittel i klassisk sjakk i 2014 (Anand), 2016 (Karjakin), 2018 (Caruana) og 2021 (Nepomnjasjtsjij).
Berre eitt år heldt han seg unna sjakk-VM: I 2013 var Heine Nielsen i ein lojalitetskonflikt og heldt seg unna då Anand og Carlsen møttest til tronskiftet i Chennai. Det same året gifte den mest suksessrike trenaren i sjakkhistoria seg med Viktorija Cmilyte-Nielsen. Den litauiske stormeisteren hadde lært sjakk av far sin, som var (etnisk) russisk KGB-agent.
Ingen profesjonell sjakkspelar har gått frå sjakken til politikken med så stort gjennomslag som Cmilyte-Nielsen. Ho har vore leiar for det liberale partiet i Litauen og er i dag øvste talsperson for parlamentet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.