Sjakk
Ein trenarguru
Frå mitt siste møte med Helmers i 2004.
Foto: Atle Grønn
Det er ikkje heilt gale å seia at vi ikkje ville ha hatt ein Magnus Carlsen utan Simen Agdestein. Og at vi ikkje ville ha hatt ein Agdestein utan Knut Jøran Helmers (1957–2021). Sistnemnde var ein mytisk trenarguru, ein folkesky sjakkforskar i verdsklasse.
Helmers synte seg ikkje offentleg dei siste 25–30 åra. Han spela, 29 år gamal, sitt siste sjakkparti i 1986 og avslutta trenargjerninga med Agdestein i 1994. Han skreiv den siste sjakkspalta si i Arbeiderbladet i 1991. Han møtte aldri Magnus Carlsen, jamvel om dei budde i same by og båe to tenkte på sjakk heile døgeret.
Helmers nytta ikkje datamaskinar og skreiv alltid sjakkanalysane sine for hand. To veker før han i fjor døydde av kreft i hjernen, noterte han ned dei siste funna i katalansk opning. Han hadde berre éin ven han diskuterte sjakk med dei siste 15 åra, Noregs eldste stormeister, Leif Øgaard (f. 1952). Helmers lærte ikkje borna sine sjakk og prata aldri om sjakk heime. Borna skjøna aldri noko av kråketeikna til faren, sjakkvariantane hans. I alle år sende han sonen på butikken for å kjøpa rullings (Petterøe’s Blanding 3).
Helmers var krevjande, ein perfeksjonist. Noregs sjakkforbund hadde ei satsingsgruppe på 1980-talet for 13–14-åringar der alle slutta med sjakk etter trening med Helmers. Eg var 16 år då eg fekk møta han fyrste gongen. Han var intelligent, morosam og sarkastisk, men då eg sa noko gale om ein variant i Retis opning, fekk eg høyra det. Eg var overraska over at han gjorde narr av meg, eg var trass alt regjerande juniornoregsmeister, men eg lika at han jekka meg ned. Som Helmers skreiv om nivået i norsk sjakk i ei spalte frå 1990:
«Sovjetiske sjakkspillere er stadig i forreste linje når det gjelder lansering av viktige nyheter. Der, i motsetning til i Norge, overlates ikke ideene til brautende dilettanter, men prøves og analyseres av kyndige folk.»
Som analytikar heldt Helmers verdsklasse. Nokre år etter det fyrste møtet fekk eg endeleg koma inn i kjellarstova på Ljan i Oslo, sjakklaboratoriet hans. Denne gongen fann vi tonen, men han introduserte meg ikkje for kona eller familien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.