JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Ein russisk bauta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jurij Averbakh (100) var alt i sovjetisk sjakk. Og han lever framleis. Foto frå 80-årsdagen i 2002, der Vasilij Smyslov (t.v.) gratulerer.

Foto: Jurgen Stigter / Wikimedia Commons

2453
20220211
2453
20220211

Jurij Lvovitsj Averbakh meiner at graut av bokkveite, den tradisjonelle russiske frukosten som han aldri har svikta, har gjeve han eit langt liv. Tysdag denne veka fylte den eldste stormeisteren i verda 100 år. Livet hans er så rikt at det ikkje er til å fatta, så eg må fatta meg kort nedanfor.

I 1928 følgde guten i Moskva dei sovjetiske radiosendingane frå ekspedisjonen som Roald Amundsen planla for å berga luftskipet «Italia». Då den norske polarhelten sjølv døydde, i ei ulukke som vart kringkasta nesten «live» på radio, vart Jurij merkt for livet (han skriv faktisk det).

Den neste dramatiske hendinga kom den 5. desember 1931, då heile skulen fekk «fri» for å sjå sprenginga av Frelsaren Kristi Tempel, den mest sentrale kyrkja i Moskva. På den tida hamna faren eit års tid i Stalins fangeleir. Jurij dreiv med ski, ishockey og volleyball, inspirert av «sportsmannen» Amundsen (seier han sjølv).

Ein dag i 1935, like ved skulen, spela eksverdsmeister Lasker simultan. Jurij var tilskodar, og han byrja sidan å spela sjakk i parkane. Han vann eit simultanparti i 1938 mot stormeister Lilienthal, som spela på 155 brett. Partiet varte i 12 timar, og mor hans heime var uroleg. «Mi største oppleving på sjakkbrettet», seier Averbakh om den sigeren.

I september 1939 var han heldig, han var berre 17 år gamal. Bestekameraten Volodja var 18 og vart send i militæret, som alle 18-åringar, og døydde i kamp i 1941. Sjølv vart Averbakh og ei gruppe studentar utkommanderte for å reparera stridsvogner bak frontlinene.

Etter krigen arbeidde han som rakettforskar, inntil han fekk stormeistertittelen i 1952. No byrja den lengste og mest allsidige sjakkbiografien verda har sett.

Averbakh var som spelar på topp-10 i verda, men han var endå viktigare som forskar utanfor brettet: frå nybrottsarbeid i sluttspelteori (nye analysar i tusental) til Averbakh-varianten i opninga konge-indisk. Han publiserte over 50 bøker og redigerte sjakkblad i ein mannsalder.

Averbakh var trenar for verdsmeistrane Botvinnik, Smyslov, Tal, Petrosjan og Spasskij. Han var programleiar for sjakk på TV i nokre tiår, var ein verdsleiande sjakkhistorikar, sjakksamlar (sentral i opninga av det nydelege sjakkmuseet i Moskva), sjakkdomar og president i det sovjetiske sjakkforbundet.

Garri Kasparov i eksil boikottar russiske medium, men gjorde eit rørande unnatak for Jurij Lvovitsj på 100-årsdagen

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis