Ei sjuk katte
Faksimile frå artikkelen til nettavisa Meduza som dokumenterer den mørke sjakkverda, der Katta til Afromejev trivst.
Den 12. februar går eg inn på det mørke, russiske sjakkforumet Pesjka (Bonden). Eg ser fleire heilt vanlege bilete av profesjonelle sjakkspelarar, men bilettekstane er av typen: «Stormeisterhora Alina Bivol skal i kveld ha heftig sex med trenaren sin.»
Brukaren, Katta til Afromejev, står bak fire tusen slike meldingar berre på dette forumet. Det som overraskar meg mest, er at nye bilete vart lagde ut 11. februar, 10. februar… og 7. februar – dagen då ein stor trakasseringsskandale vart offentleg kjend.
Korleis har Katta til Afromejev fått halda fram med sjikanen av russiskspråklege sjakkspelarar i over ti år? Kven er han? Men det er òg ei anna, parallell historie, som gravejournalistar frå Meduza (kvalitetsjournalistikk som offisielt er svartelista med merkelappen «utanlandsk agent» i Russland) har arbeidd med i to år. Den 7. februar publiserte dei materialet sitt.
Dei siste ti åra har fleire titals kvinner – kjende namn i internasjonal og russisk sjakk – fått kvite konvoluttar i posten. Alle breva er utan tekst, men inneheld eit pornografisk bilete og ein kondom med sæd. Stormeister Alina Bivol (26) har fått 15 slike brev.
For nokre år sidan fekk det 14 år gamle kasakhstanske stortalentet Bibsara Assaubajeva brevporno med Fide-verdsmeister Aleksandr Khalifman (56) som avsendar. Men jenta frå Kasakhstan og Khalifman er berre to av mange mottakarar/avsendarar i denne saka.
Journalistane i Meduza fekk hjelp av ein ukrainsk hackar som skal ha spora opp identiteten til Katta til Afromejev: ein 40 år gamal internasjonal meister frå Riga. Latviaren skal ha operert med ei rad ulike kallenamn på nettet. Då Khalifman vart konfrontert med brevpornoen, sa han straks at den bisarre Katta til Afromejev kan vera sjuk nok til å gjera noko slikt.
Journalistane gjev Khalifman rett og skriv at Katta til Afromejev står bak alle breva. Politiet i Riga er no endeleg på saka, medan «katta» held fram med dei sjikanøse oppdateringane sine på nettet. Den same «katta» har òg skrive eit 60-tals noveller (ein kombinasjon av hor, fyll og sjakk med kjende sjakkspelarar i hovudrollene) publiserte på diverse nettforum.
Kva veit ein om NN? Han er utdanna historikar og arbeider som sjakktrenar og omsetjar.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.