Sjakk
Dominerande generasjon
Viktor Kortsjnoj set seg ned mot ein ung Garri Kasparov under ein simultan i 1975.
Kva er den ideelle alderen for menneskeleg kreativitet? Då eg voks opp, sa russarane at 35 år var perfekt. Anatolij Karpov var verdsmeister i sin beste alder, 33 år gamal i 1984. Men så miste han året etter VM-tittelen til Garri Kasparov (22), som heldt tittelen fram til 2000, då Vladimir Kramnik (25) vart ny meister. Den ideelle alderen i sjakk var no 25, meinte ein – og talet vil stadig gå nedover, særleg av di datamaskinane gjer at dei unge får den naudsynte røynsla mykje snøggare og enklare enn før.
Men vi tok feil på ny. Dei åtte beste spelarane i verda i dag har ein snittalder på 30,9 år. Det er òg alderen til Magnus Carlsen, som fyller 31 år den 30. november i år.
Ein annan tanke er at ein generasjon kan dominera så mykje at han kveler neste generasjon. Det klassiske dømet i sjakken er Sovjet-generasjonen fødd før krigen: Verdsmeistrane Petrosjan (f. 1929), Tal (f. 1936) og Spasskij (f. 1937) hadde selskap av eit dusin sovjetiske verdsklassespelarar frå det same tiåret. I spissen for ikkje-verdsmeistrane stod Viktor Kortsjnoj (f. 1931), den mest fanatiske sjakkspelaren verda har sett.
Det overraskande er nemleg at Sovjet ikkje fekk fram absolutte toppspelarar fødde på 1940-talet. Den einaste stjerna frå den tida var amerikanaren Bobby Fischer (f. 1943), som trekte seg ut or sjakken som fersk verdsmeister i 1972. Så då Karpov (f. 1951) vart ny meister i 1975, måtte han dei neste seks åra konkurrera i skandaløse VM-kampar mot den tjue år eldre avhopparen Kortsjnoj.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.