Død over hengeparti
Mikhail Botvinnik (51) og Bobby Fischer (19) tek opp att hengepartiet i sjakk-OL i 1962.
Mikhail Botvinnik (51) og Bobby Fischer (19) tek opp att hengepartiet i sjakk-OL i 1962.
Eit fenomen som tida har slege i hel: hengeparti. Etter fire–fem timar kunne ein i gamle dagar få litt mat og svevn. Spelaren som var i trekket, skreiv ned trekket sitt utan å syna det til motstandaren. Trekket vart lagt i ein konvolutt, som domaren opna etter pausen. I dag er analyseprogramma altfor sterke til at spelarane kan få ein pause undervegs.
Det er mange historier om hengeparti. Som då seinare verdsmeister Tal analyserte eit avbrote sluttspel under sovjetmeisterskapen i 1957 frå fyllearresten – med innspel frå ein sjakkinteressert politimann. Eller stormeister Gufeld som åt konvolutten då han angra på trekket han hadde skrive ned. Eller stormeister Geller som hjelpte ein ven med hengepartiet til kona hans. Då kona dagen etter ikkje ville følgja dei djupe analysane til Geller, såg ikkje ektemannen noka anna løysing enn å skilja seg frå sjakk-kona.
Eit legendarisk hengeparti oppstod i sjakk-OL i 1962, på fyrstebordet mellom Botvinnik og Fischer. Alle trudde det unge amerikanske geniet skulle vinna sluttspelet med bonde over, men heile det sovjetiske stjernelaget (Tal, Spasskij…) analyserte natta gjennom. Klokka 05 om morgonen fann Geller ein utruleg plan som til slutt berga remisen for Botvinnik.
Det hemmelege trekket var som ein statsløyndom. Motstandaren måtte ikkje få nyss om trekket, informasjon som kunne dobla effektiviteten i analysearbeidet.
Då avhopparen og folkefienden Kortsjnoj spela VM-kampar mot Karpov, torde han ikkje fortelja sekundantane kva for hemmeleg trekk han hadde forsegla. Han frykta avlytting frå KGB og synte fram trekket fysisk på eit sjakkbrett utan ein ljod.
Hengeparti er òg makabre saker. Ein sovjetisk meister forsegla eit trekk i ei tapt stilling. Dagen etter kom han til spelelokalet og gratulerte motstandaren med sigeren. «Kvifor gav du ikkje opp i går?» «Vel, du kunne ha hamna i ei ulukke, fått eit hjarteattakk, ein veit aldri.»
Det siste skjedde i Oslo Schakselskap 5. desember 1975. Formannen i klubben, gynekologen Oddmund Falck-Kiil, døydde med eit avbrote parti i klubbturneringa. Han fekk med det same ein null i protokollen frå turneringsleiaren.
Seinare i haust: hengepartia som endra sjakkhistoria.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.