Sjakk

Ding XVII

Den 17. verdsmeisteren, Ding Liren, i godt humør i lag med den 13. verdsmeisteren, Garri Kasparov, under ei turnering i Romania denne veka.
Den 17. verdsmeisteren, Ding Liren, i godt humør i lag med den 13. verdsmeisteren, Garri Kasparov, under ei turnering i Romania denne veka.
Publisert

Ding Liren såg ikkje ut som ein verdsmeister då 21-åringen og det kinesiske laget vart «olympiske meistrar» (i sjakksporten er nemninga «olympiade» innarbeidd, men heilt malplassert) i Tromsø i 2014. Eg sat i OL-studioet i NRK og fekk æra av å intervjua gullvinnaren direkte på TV.

Røysta var så låg og tempoet så lågt at eg la orda i munnen hans. Fyrst sa eg på engelsk kva eg trudde han ville seia, så sette eg orda mine om til norsk. Seansen var TV-fagleg veik, men det var umogleg ikkje å få sympati for den smålåtne kinesaren.

Fire år seinare, i 2018, vann Kina og Ding nok eit OL-gull. Dette var ei fantastisk tid for Ding. Mellom august 2017 og november 2018 spela han 100 parti på rad mot verdseliten utan tap. (Rekorden vart seinare slegen av Carlsen).

Ding var òg god i 2019. I Sinque­field Cup det året, den sterkaste turneringa saman med Norway Chess, tapte korkje Carlsen eller Ding noko parti. Dei delte sigeren, men Ding vann omspelet i lyn­sjakk. Det var det fyrste omspeltapet til Carlsen på 13 år.

På denne tida kunne Ding ha utfordra verdsmeisteren om krona, men så kom korona. Pandemien tok nesten knekken på kinesisk toppsjakk. Kinesarane kunne ikkje spela. Dei kunne ikkje gå ut av huset og hadde dårleg internett. I netturneringar mot Carlsen & Co måtte dei konkurrera midt på natta som følgje av tidsskilnaden. Toppspelaren Wang Hao (f. 1989) la opp. Stjerneskotet Wei Yi (f. 1999), som lenge var rekna som ein potensiell verdsmeister, miste motivasjonen.

Ding var òg deprimert, og hadde berre spela fire parti på eit halvt år då han kunne få plass i kandidatturneringa sumaren 2022. Eit formelt aktivitetskrav frå Fide før turneringa var på 30 konkurranseparti. Ding hadde berre éin månad på seg, men spela 26 parti på rappen lokalt i Kina og kom seg vidare. Resten er historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement