Sjakk

Den tapte uskulda

Remis i retten var eit OK resultat etter aggressivt opningsspel frå båe partar.
Remis i retten var eit OK resultat etter aggressivt opningsspel frå båe partar.
Publisert Sist oppdatert

Den 7. mars 2019 var Line Andersen og Torstein Bae inviterte til Kringkastingsrådet for å fortelja om sjakksuksessen, slik at andre i NRK kunne læra av dei beste. Eit par månader seinare kom Kindred-saka, gambling-flørten som øydela den gode stemninga i sjakkmiljøet.

Og så i oktober same år kom redaksjonsmøtet som, då detaljane vart kjende i tingretten nyleg, fekk Oslolos1 (etterlikning av ein Harald Eia-figur) til å senda ut ein tweet: «Sjakkmøtene i NRK later tell å værra mer spennende enn sjølve sjakksendinga, si.» Kva brast så høgt i det norske sjakkeventyret?

Sjølve rettssaka var jo ei sak i seg sjølv. Ein ironikonto på Twitter kommenterte: «Tok fri hele uken for å følge Line Andersen-saken. Tolker det slik at siden hun ikke ble dømt, er det altså fortsatt en gjerningsmann på frifot. Skremmende og ubehagelig.» (Jan-Content)

Magnus Carlsen var superkjendis og hadde vore verdseinar i to år då Dag og Tid i 2011 fekk på plass denne sjakkspalta. Redaktøren stansa meg på butikken: «Me må gjera noko no!» Men Sjakkforbundet makta ikkje omsetja «Magnus-effekten» til auka medlemstal. Så kom VM-kampen mellom Carlsen og Anand på NRK i november 2013. Med eitt var landet utselt for sjakkbrett. Line Andersen lokka eit par millionar nordmenn til eit heilt uvanleg sært konsept: sjakk-TV. Alle piler – sjå pila! – peika oppover.

Det saka har lært meg, er at med suksess kjem bråk og intrigar. Mange vil dansa rundt gullkalven. Leiinga i Sjakkforbundet og NRK tenkte vel at «no køyrer vi på», men så gjekk det skeis både her og der. Den avgåtte generalsekretæren i Sjakkforbundet vedgår at Kindred-saka var ein tabbe, men uskulda kjem ikkje attende. Ifylgje NRK var Andersen ei utfordring for leiinga alt i 2013. Ho aksepterte å ta den trauste sjakken den gongen, men då dei i 2020 ville plassera henne i kulturavdelinga, vart det rettssak. (Kva seier det om kultursatsinga i NRK, spør kultureliten på Twitter).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement