Den siste sigeren
Magnus Carlsen har vore best i 13 år. Går det mot slutten av karrieren hans no?
Foto: Fide
Det er fleire teikn på at Carlsen-epoken går mot slutten: Eg skriv mindre i Dag og Tid enn før. Magnus Carlsen (32) er ein kvit, rik mann som har byrja spela golf og seier at langsjakk er keisamt. Jukse-striden med den unge amerikanaren Hans Niemann (20) er gravlagd utan avgjerande prov på juks. Ein siste, liten detalj er at Carlsen har sagt frå seg VM-tittelen, som frå 2023 høyrer til kinesaren Ding Liren.
Tida er inne for å gjera opp status. Kven er den beste sjakkspelaren i historia? Den hardaste konkurrenten, Garri Kasparov, var verdsmeister i 15 år (1985–2000) og den beste spelaren i 20, til han la opp i 2005.
Kva har Carlsen å syna fram mot dette? Det var Carlsen, ikkje Kasparov, som fekk denne avisa til å byrja med sjakkspalte i 2011. Carlsen har vore best i 13 år, sidan 2010. Han var klassisk verdsmeister i berre 10 år, han men han gav seg på topp, utan tap i fem VM-kampar.
Kasparov var revolusjonerande i opninga, ekstremt aggressiv med svart og meir spektakulær enn Carlsen i åtak. Men Carlsen er meir universell i stilen og slår Kasparov klart på alle andre område: intuisjon, posisjonsspel, sluttspel, opningsvariasjon, psykologisk kamp osb.
Kasparov er snøggare enn oss alle i verdspolitikk og spørsmål om liv og daude, men Carlsen er snøggare i sjakkhovudet. Difor har han fullstendig dominert lynsjakk og hurtigsjakk, der han til saman har ti VM-titlar. Det er fyrst med Carlsen snøggsjakk har fått prestisje, og verdseinaren vil halda fram med å jakta på snøgge titlar i romjula på NRK.
Carlsen har 32 sigrar frå dei aller sterkaste klassiske turneringane i sjakkhistoria. Det var inntil i sumar berre verdscupen som vanta. Dette er ei utslagsturnering med heile verdseliten på plass. Carlsen har to gonger vorte slegen ut i semifinalen (2007 og 2021), men i år heldt det heilt inn, etter fire veker i Baku.
Carlsen vann altså alle dei sju duellane. Han møtte to indiske geni på vegen: Gukesh (17) i kvartfinalen og Praggnanandhaa (18) i finalen. «Sjakkens framtid er i dei beste hender», sa veteranen og peika på arvtakarane etter Anand. Gukesh er alt nummer 8 på verdsrankinga, og Praggnanandhaa slo ut både Nakamura og Caruana i Baku. Men ingen kunne stogga Carlsen. Han ville setja punktum i «duellen» mot Kasparov med denne siste sigeren. Det var som om han sa: «No har eg gjort mitt, så får historia døma oss.»
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.