Då eg møtte Harry
Etter remis i fyrste parti vann Kasparov, den då høgst ranka sjakkspelaren i verda, over 13 år gamle Magnus Carlsen i Reykjavík i 2004.
Foto: Omar Oskarsson / Morgunbladid / NTB
Den fyrste gongen eg møtte Garri (Harry) Kasparov, var på Filippinane i 1992. Eg var reserve på Noregs lag i sjakk-OL. Kasparov var verdsmeister og spela fyrstebord for den nye nasjonen Russland.
Giganten Russland og vesle Noreg hamna på same hotell, ått av diktatorkona Imelda Marcos, ho med 3000 par sko. Luksushotellet i Manilla var det finaste eg har sett. Imelda Marcos dukka opp i lobbyen med hoffet sitt ein dag. Dukka opp gjorde òg Marcos-venen Florencio Campomanes (1927–2010), den mektige leiaren for verdssjakkforbundet Fide.
Absurd nok banka Campomanes på døra til hotellrommet mitt. Då eg opna, spurde han om Kasparov var der. Det var han ikkje. Det var eit hotell fullt av absurditetar.
Ein dag låg eg på ei solseng og halvsov med ein walkman på øyro. Då vakna eg brått av ein ball som trefte meg hardt på magen. Det som møtte meg i neste sekund, var det flaue smilet til Kasparov (31), som leika seg som ein bortskjemd tenåring i bassenget med ein amerikansk stormeister. No hadde ein av dei to bomma, og eg var offeret. Eg fekk i det minste gleda av å kasta ballen roleg attende til verdsmeisteren.
Neste gong eg møtte han, var på ein pressekonferanse på Grand Hotel i Oslo i 2005. Ein stunt-reporter kom med nokre «humoristiske» spørsmål som verkeleg ikkje fall i god jord: «Why are you so big?» spurde han Kasparov, som er ganske låg av vekst. I nokre lange sekund trudde eg Kasparov skulle avlysa heile seansen. Men så byrja han prata om 14 år gamle Magnus Carlsen, om kvifor Magnus no trong ein profesjonell trenar.
Etter ei lang utgreiing frå Kasparov om dette temaet, som var grunnen til at han var i Oslo, spurde Dagbladet: «Kva er ditt beste råd til Magnus?» «Men det er jo det eg seier, han treng eit profesjonelt apparat», sa Kasparov og veiva med armane. Det var då Dagbladet-journalisten presiserte: «Men er det ditt beste råd?»
Eg såg mitt snitt til å bryta inn med eit sjakkteknisk spørsmål om eit parti mellom Carlsen og Sjirov, krydra med litt intern sladder som eg visste Kasparov ville lika. Han lyste opp og stilte meg nokre spørsmål på russisk (etter innspel frå Simen Agdestein). Då forsvann stunt-reporteren.
Litt seinare kom Magnus til Grand Hotel og hadde ei treningsøkt med sjakkgeniet. «Han var betre enn eg trudde», kommenterte den veslevaksne guten til pressa etterpå.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.