Sjakk

Born og jus

Velkomen til sjakkmiljøet, anten du er barnevernspedagog eller jurist som Torstein Bae, anten du røystar SV eller Høgre. I sjakken er alt svartkvitt med reint fleirtal for anten SV eller H.
Velkomen til sjakkmiljøet, anten du er barnevernspedagog eller jurist som Torstein Bae, anten du røystar SV eller Høgre. I sjakken er alt svartkvitt med reint fleirtal for anten SV eller H.
Publisert

Norske sjakkspelarar finst i to utgåver: barnevernspedagogar og juristar. Dei fyrste røystar SV, og dei siste røystar Høgre eller SV. Det at andre parti ikkje er aktuelle, har noko med danning å gjera. (Dette poenget kom diverre ikkje med i gjennomgangen Jon Hustad hadde av stortingspartia her i avisa, men det kjem ein ny sjanse om fire år.) Den einaste eg kjem på som korkje er barnevernspedagog eller jurist, er Hans Olav Lahlum. Men han er, kor som er, SV-politikar.

Klassiske barnevernspedagogar er til dømes stormeistrane Torbjørn Ringdal Hansen og Kjetil Lie. Presidenten i Norges Sjakkforbund, Morten Madsen, ser kan henda ut som ein jurist, men nei då, han er barnevernspedagog. Derimot er leiarane i barnesjakken som regel juristar, jamvel om ikkje alle set pris på den sterke koplinga mellom sjakk og born: «Jeg melder meg herved ut av Oslo Barneselskap, tidligere kjent som Oslo Schakselskap.» NN tykte det vart for mykje bråk.

I herreklubben sit juristane og spelar mot advokatane (dei sjølve veit skilnaden). Ein klassikar er skildringa av advokat Rød i Sjakk. Spillet i mitt liv av André Bjerke: «Sett Dem, unge mann! Jeg tør formode at De kjenner brikkenes gangart?» Og litt seinare: «Advokat Rød strakte hendene avvergende frem hver gang jeg flyttet en brikke: ‘Nei, nei, unge mann, ikke dit! Erfaringens tale, unge mann, lytt til den.’» Og til slutt: «‘Jeg gir opp’, sa advokat Rød. ‘Jeg gir opp partiet. Der kan De selv se: dette er ikke sjakk. Hvorfor gjør De ikke som jeg sier?’»

Eg kjem no på ein annan sjakkspelar som ikkje er jurist (eller barnevernspedagog). Han er matematikar og vart lurt for pengar. Matematikaren rekna på saka, gjekk til sak og vann søksmålet. Så rekna han på advokatsalæret og gjekk til sak mot sin eigen advokat. Han vann den saka òg. Moralen er at når jamvel ein sjakkspelar utan juridikum kan knusa motstandaren i retten, kan lesaren tenkja seg korleis det er å møta ein sjakkspelande advokat.

I Oslo Schakselskap røystar ein Høgre. Det er heilt ukontroversielt. Eg spurde veteranen Erling Kristiansen (84) korleis dei politiske motsetnadene i 1960- og 70-åra prega sjakkmiljøet: «Det gikk helt fint, vi var jo stort sett Høyre-folk.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement