Adoptert av gjengen
Gjengen som møtte meg i Vallhall. Elham og Saad til venstre.
Foto: Helge Brekke Foto: Helge Brekke. Foto: Helge Brekke.
Ein dag i juli var eg i Vallhall arena på Oslo aust for å kommentera noregsmeisterskapen. Etter runden – med nesten sju hundre spelarar i aksjon – såg eg fire gutar som vart irettesette av ein vaksen som ikkje ville ha flasker og søppel i hallen. Den eine guten, ein norsk-somaliar, hadde eg prata litt med tidlegare på dagen, så eg gjekk bort til gjengen.
Saad Elmi spela ikkje sjølv i NM, men eg visste at han var god og snøgg, rangert som nummer 2 i Noreg på Chess.com i eittminuttslynsjakk. Eg erta dei litt, og dei erta meg attende, utan at eg skjøna alle referansane. Ein av gutane, Elham Amar, med foreldre frå Afghanistan, hadde nett vunne eit langt sluttspel over fem–seks timar. Eg spela mykje med vesle, rappkjefta Elham då han kom til sjakklubben for seks–sju år sidan.
Desse gutane lever for sjakk heile døgeret. Sjølv er eg rusten, men det siste uformelle lynpartiet eg spela på forsumaren, vart remis mot Simen Agdestein, som vann årets NM. Eg erta Elham for at han tapte toppoppgjeret mot Simen dagen før etter å ha kome nesten ein time for seint til partiet.
Han lét seg provosera. «Klar for ein match 10–0?» Elham utfordra meg til duell. Det er vanleg sjakksjargong: ti minutt på heile partiet utan tilleggstid. «Tja», sa eg. Men i det same skjøna eg kva han meinte. «Eg skal adoptera deg», sa jyplingen. «Adopsjon» er nyare sjakkslang på internett for å vinna ti parti på rad mot same motstandar.
Vi gjekk snøgt til eit ledig bord. Eit høgrøysta publikum stod rundt oss. I det fyrste lynpartiet vann eg ein bonde. Det var vanskeleg å vinna partiet, men å tapa … Men eg kjende at eg spela bra. Handa gjorde jobben, eg «hadde dagen».
I neste parti var det eit heilt likt sluttspel med fem bønder kvar. Lett remis, men eg tapte. Seinare i ei siciliansk opning med svart stod eg to–tre bønder over, men vart matt.
Så fekk eg opp eit sluttspel med seks mot fire bønder. Vi hadde dronning og springar kvar. Det var lett å vinna, heilt umogleg å tapa. Men eg tapte.
I fleire parti hadde Elham eitt eller to sekund att på klokka når han ertande gjorde trekket sitt. Så kom det siste, tiande partiet. Sluttspelet var heilt likt. Resultatet vart 10–0. Elham og gjengen sprang vidare til ei lagturnering, som dei vann same kveld. Elham Amar (18) tok bronse i eliteklassen.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.