Å runda spelet
Sjakken er i ei krise eller ved eit vegskilje.
Verdseliten søkjer nye utfordringar i fischersjakk, her under namnet Freestyle Chess.
Foto: Lennart Ootes
I dataspel er eit teikn på perfeksjon at brukaren har «runda spelet», at ein har nådd det høgste nivået som ligg inne i programmet. Eit spektakulært døme er Willis Gibson, ein 13 år gamal nerd frå Oklahoma, som nyleg kom til slutten av Tetris med scoren «999999». Programmet og skjermen fraus, noko som aldri tidlegare har skjedd med det legendariske og geniale spelet som vart programmert av sovjetiske Aleksej Pazjitnov i 1984.
Det tok nokre tiår å runda Tetris. Sjakk er sjølvsagt eit endå rikare spel med ei 1500 år lang historie. Magnus Carlsen har kor som er ymta frampå om at han sit med ei kjensle av å ha runda sjakken. Med lang tenkjetid er Carlsen nærast uslåeleg (han har verdsrekorden med 125 parti på rad utan tap). Nesten uslåelege er òg dei hardaste motstandarane, til dømes Fabiano Caruana.
Kongstanken til Carlsen er difor at dei beste bør konkurrera med kort tenkjetid. Då kan spelarane ta større sjansar og «spela på tida». Med lang tenkjetid (fire–fem timar per parti) vil Carlsen heller spela fischersjakk, der startoppstillinga bak bøndene vert trekt like før partiet. Med 959 moglege grunnstillingar må Carlsen og Caruana tenkja sjølve frå fyrste trekk. For meg er dette sjakk på sitt venaste: superhjerne mot superhjerne i ukjent terreng.
«For meg er dette sjakk på sitt venaste: superhjerne mot superhjerne i ukjent terreng.»
Men eg ser sjølvsagt at fischersjakk utfordrar kulturhistoria og harmonien i tradisjonell sjakk. For vanlege sjakkhjernar er den klassiske startstillinga vanskeleg nok. Det var likevel ei stor hending i sjakkverda no i februar då ein tysk milliardær inviterte til fischersjakk med lang tenkjetid. Og sjølvsagt vann Carlsen – etter at han slo Caruana i finalen.
Sjakken er i ei krise eller ved eit vegskilje. Den 17. og siste klassiske verdsmeisteren, kinesaren Ding Liren, ser ut til ta frå nederlendaren Max Euwe (verdsmeister i 1935–37) den uoffisielle tittelen som den veikaste meisteren i kongerekkja. Ding vann ikkje eit einaste parti i fischersjakk-turneringa, spela tre remisar og noterte ti (!) tap. Den regjerande verdsmeisteren i fischersjakk frå 2022, Hikaru Nakamura, ville ikkje vera med i Tyskland då han meinte turneringa var eit privat Carlsen-show.
Carlsen køyrer sitt eige laup, så kva skjer vidare med verdssjakkforbundet Fide og statusen til VM-titlane?
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.