JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sitronbrus

Eit godt namn har aldri vore nok til å sløkke tørsten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er nærare sitron og lime enn det meste av sitron- og limebrus nokon gong kjem.

Foto: pxhere.com

4044
20181026
4044
20181026

Kva er ei matvare? Å finne ein presis definisjon syner seg vanskelegare enn ein skulle tru. I Store medisinske leksikon skriv Birger Svihus: «Det finnes flere tusen forskjellige matvarer. Av denne grunn deles matvarene ofte inn i kategorier.» Han skriv ikkje noko om kva som skal til for at ei matvare vert ei matvare.

Men matvarer er i alle høve for sal i ein butikk, noko som gjer dei til produkt, og eit produkt er lettare å definere: Store norske leksikon (SNL) seier at det er «resultatet eller uttaket av en produksjon». Ordet vert nytta både om den konkrete vara eller tenesta, og om verdien som har vorte skapt i produksjonen: tilarbeidingsverdien, som svarar til verdien av produktet minus verdien av innsatsfaktorane.

Så er mange av dei merkevarer. Og ei merkevare er noko som vert selt under «et innregistrert eller innarbeidet varmerke», ifylgje SNL. Eit varmerke er vidare eit «identifiserbart og rettsbeskyttet kjennetegn ved en virksomhets produkt».

Supervaremerket

Coca-Cola, til dømes. Coca-Cola må kunne seiast å vere eit supervaremerke – det er ikkje mange menneske i verda som ikkje kjenner til den raude logoen. Det same gjeld brusvariantane deira som ikkje er mørkebrune: Urge, Fanta og Sprite.

At Sprite ikkje er for kven som helst, har den vesle brusprodusenten O. Mathisen verkeleg fått merke. I februar lanserte dei sitronbrusen JallaSprite. Eit drygt halvår seinare banka Coca-Cola på døra – bruken av namnet Sprite vart ikkje akseptert, og ville ende i søksmål.

Det vesle Oslo-firmaet bøygde av mot gigastorebror, men ikkje utan eit lite spark på skinnleggen: JallaSprite byter namn til JallaXXXXXX. (Ein skal uttale namnet «Jalla seksX».)

Ei morosam David mot Goliat-historie som Coca-Cola kan fortelje på firmafestane sine? Nja, så storsinna er ikkje brusgiganten: Dei saksøker likevel. «Navnet som skal erstatte JALLASPRITE må være helt ulikt ethvert av The Coca-Cola Company sine kjennetegn og skal ikke inneholde noen referanser til noen av TCCC sine kjennetegn eller denne pågående konflikten», ifylgje den norske advokaten til konsernet.

Namnekrangel

Sprite er sitronbrus (eller sitron- og limebrus, men lat oss gjere det litt enkelt). Men Sprite er òg milevis unna sitronbrus – ikkje minst sidan dei nett no held på med ei permanent lansering av Sprite med smak av tranebær. Altså er ikkje Sprite lenger berre ein sitronbrus, og konflikten mellom Coca-Cola Company og O. Mathisen handlar ikkje om produkt, ingrediensar, helse eller eingong smak, eller nokon som helst annan kvalitet vi vanlegvis er inne på når vi bestemmer oss for om vi vil kjøpe ei matvare eller ikkje. For dette handlar berre om namn, og dette skil varemerket og merkevara frå matvara: Ho er ikkje fyrst og fremst fysisk. Men det er frykteleg mykje pengar i henne.

The Coca-Cola Companys driftsinntekter var på 7,5 milliardar dollar i 2017. Kor mykje av pengane som er tente i namnet, og kor mykje som er tente i gagnet, skal eg ikkje spekulere i, men eit mangemilliarddollarselskap skal halde seg for godt til å blande seg opp i om ein norsk liten brusprodusent med ei omsetning på 2,8 millionar kroner bruker eit namn på ein brus som ikkje har noko med det konkurrerande brusnamnet å gjere. At dei vel å verte sure for at O. Mathisen skaper trugslar om søksmål om til eit morosamt fingerpeik, kan på ein måte avvisast som mangel på humor, men på ein annan måte syner det eit konsern som veit kor mykje makt det har, og som ikkje er redd for å bruke henne. Dei køyrer på kjøtvekta, og det er rett og slett ikkje slik eg vil selskapet som produserer sitronbrusen min, skal oppføre seg. Heldigvis har eg alternativ:

Kjøper eg sitronbrus frå Coca-Cola, òg kalla Sprite? Nei takk, eg spritar opp sukkervatnet mitt med Oslo-basert JallaXXXXXX eller Molde-produsert brus med sitronsmak frå Oskar Sylte.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Konflikten handlar

ikkje om produkt,

ingrediensar, helse,

smak eller andre

kvalitetar vi vanleg-

vis er inne på når vi

avgjer om vi vel

å kjøpe ei matvare.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis