Siste stikket

Publisert

Lat oss fyrst som sist slå fast at sist på ingen måte syng på siste verset eller ligg på det siste. Nei, for det er vel ikkje lenge sidan du sist tok ordet i munnen? Berre den siste veka kan du ha nytta ei rad vendingar med sist i seg, som «takk for sist», «i siste liten», «siste nytt» og «leggja siste hand på verket». Sist er dessutan med i eit av dei mest omtykte ordtaka våre: «Den som ler sist, ler best.»

I avsnittet over vart sist omtala mestsom det var eitt ord, men sanninga er at me har minst to: eit adjektiv («senda ei siste helsing») og eit adverb («koma sist i mål»). Me kan òg rekna med substantivet sist, som stort sett berre vert nytta i den bundne forma sisten. Sist-orda er i ætt med det gamle adjektivet sid (jf. «sid kjole», «vera sidrumpa»). Grunntydinga til dette ordet var truleg ‘som når langt, utstrekt’.

Sid er òg eit gamalt og mesta bortgløymt adverb. Før vart det nytta i tydingane ‘seint, deretter’. Grunntydinga kan ha vore ‘lang(strekt)’, som seinare vart endra til ‘(lang)varig, sein (om tida)’. Adverbet sist er superlativ av dette adverbet (eig. «sidast»). Dersom eg tolkar ordbøkene rett, er adjektivet sist superlativ av eit sid-adjektiv som høyrer i hop med adverbet sid. Sist kjem soleis ikkje av sid som i sidrumpa, men av eit nærskyldt sid-adjektiv som har med tid å gjera. Alle desse orda høyrer til ei stor ætt der me òg finn ord som sidan, omsider, tysk seit (‘sidan’), engelsk since (‘sidan’) og jamvel fransk soir (‘kveld, eftan’). Sistnemnde er skyldt latin serus (‘sein’, adj.) og sero (‘seint’, adv.), som òg er i ætt med sid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement