Simen
Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
Då den nest beste spelaren i Norden, Jon Ludvig Hammer, vitja tredje episode av podkasten Sjakksnakk, oppstod følgjande ordveksling: «Om det ikkje hadde vore for Magnus, kunne du ha vore det største talentet i norsk sjakkhistorie.» «Nei, nei. Simen er jo der.» Hammer har rett. Så lat oss gå ein episode bakover, til andre episode av Sjakksnakk med unikumet Simen Agdestein.
Agdestein var den yngste stormeisteren i verda. Morfaren var OL-deltakar og fyrste nordmann under fire minutt på 1500 meter. Sjølv var Agdestein på landslaget i fotball. Han var yngstemann på laget, sjakkdistré og spela turneringar mot «Gud». (Når Agdestein talar om Gud, meiner han Kasparov.) Han syntest ikkje fotballkampar var noko morosamt («berre mas med landskampar»), men lika å trena på løkka. Dagen før han debuterte mot Italia, låg han på hotellrommet. Han høyrde noko om «dress og ordførar» før han sovna. Eit par timar seinare vakna han brått, fekk på seg dressen og sprang ut til spelarbussen som ein Mr. Bean. Der sat Thorstvedt, Bratseth og dei andre i shorts og skulle på bowling.
Agdestein var heilt aleine. Han fekk tilbod frå Flamengo Juniors i Rio, men heldt seg heime. Han fekk tilbod frå Harvard, men hadde ikkje høyrt om plassen og byrja i staden på Blindern. På turneringar hadde han nokre få vener, som den to år yngre Vishy Anand.
Agdestein meistra ikkje livet som sjakkproff. «Kvifor gjer vi dette?», spurde han Anand. «We’re making money», sa Anand. «Kva med damer?», sa Agdestein. «No problem, that is taken care of», sa Anand, som gjekk inn i eit arrangert indisk ekteskap.
Då Simen såg ni år gamle Magnus under ei turnering på Gausdal, skjøna han at han hadde funne gull. Guten var ikkje særleg god, han hadde berre 900 i rating, men Agdestein sa til pappa Henrik Carlsen: «Magnus kan verta stormeister før han fyller 14 år. Kvar bur de?» «I Lommedalen», sa Carlsen senior. «Perfekt, kom til meg på toppidrettsgymnaset på Bekkestua. Eg har ein sivilarbeidar som kan få skikk på han.»
Ein gong i veka trena Magnus med Torbjørn Ringdal Hansen på Norges Toppidrettsgymnas. «Trur du eg kan passera 1000 i rating?», spurde Magnus. «Berre gjer seg om eg seier, så går det nok bra», sa Ringdal Hansen. På eitt år gjekk Magnus frå 900 til 1900 i rating. Han vart stormeister som 13-åring. Hansen vart stormeister som 36-åring i 2015.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Kjelder: Sjakksnakk, NRKs VM-podkast og Sjakkfeber, ein podkast med Torbjørn Ringdal Hansen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.