Sjakk
Simen Agdestein og grasrota
Sjakktrenaren Simen Agdestein (54), som oppdaga Magnus Carlsen for 22 år sidan, er ny president i Norges Sjakkforbund.
Foto: Fredrik Hagen / NTB
For sjakkspelarar med ungdomstid på 1980-talet var Simen Agdestein den store helten. Han vart den yngste stormeisteren i verda, 17 år gamal i 1985. Han var den einaste stormeisteren i Noreg – og så kom han òg på fotballandslaget. Vi var i same klubb, men han var så stor at han var nesten utilnærmeleg for slike som meg.
For nokre år sidan spurde han meg om eg ville skriva ei bok om denne tida. Han gav meg alle eskene med gamle papir og utklipp han fann på loftet. Der ligg både kjærleiksbrev og dagboksnotat frå ein einsam sjakkspelar, så eg kjenner Simen godt i dag. Arbeidstittelen min er Sjakken som var. Simen har gjort det meste i norsk sjakk, men eg ville aldri ha tenkt på han som president i sjakkforbundet.
Organisasjonseliten i Sjakk-Noreg stødde attval av sitjande president Morten Madsen frå Sotra utanfor Bergen. Alt såg ut til å gå som vanleg, då Molde sjakklubb for nokre veker sidan, uventa for alle, varsla at dei ville koma med eit benkeframlegg på Simen Agdestein under Norges Sjakkforbunds 104. kongress den 4. juli. Jamvel om eg personleg ville røysta på Agdestein, hadde eg lita tru på eit benkeframlegg som utfordra ein sterk allianse mellom Oslo og Bergen.
Dei små klubbane har berre éin delegat på kongressen. Den dominerande klubben, Offerspill SK i Oslo, har 14 delegatar. Representanten frå Offerspill i forbundsstyret, Jon Kristian Haarr, stødde Madsen. Debatten på kongressen var sivilisert og god, og eg trudde at Madsen skulle vinna då resultatet kom: 66–49 til Agdestein.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.