Sex i tempelet

«Koblersken», eit målarstykke av Dirck van Baburen.
«Koblersken», eit målarstykke av Dirck van Baburen.
Publisert

I ein jernbanedebatt i den danske riksdagen hevda Karl Kristian Steincke at jernbanedrifta var den vanskelegaste drifta å administrere, nest etter kjønnsdrifta.

At jernbanedrifta er vanskeleg å halde på skjenene, ser vi dagleg. Blar vi i historiebøkene, ser vi snart at kjønnsdrifta også har stelt til mykje ugreie, kongesøner i hytt og vêr og meir til. Dei fleste samfunn har prøvt å lage reglar som kjønnsdrifta skal tilpasse seg, for å få ein viss orden på barnefødslar og den slags. Det ser ut til at få samfunn har lukkast særleg bra med desse forsøka. Kjønnsdrifta er ikkje lett å temje.

Eit merkeleg innslag i kjønnslivets historie er tempelprostitusjonen. Dette fenomenet er kjent langt bakover i historia, og vart lovregulert alt i Hammurabis lover eit par tusenår før Kristi fødsel. Tempelprostitusjon inneber at kvinner, og av og til menn, er knytte til tempelet, der dei seksuelle tenestene deira er ein del av det kultiske livet ved tempelet, definerer leksikonet.

Skikken var utbreidd i dei gamle kulturane, som i Sumer og Mesopotamia. Også ved det jødiske tempelet i Jerusalem var det tempelprostituerte, i alle fall fram til eksilet i Babylon, trass i at profetane var harde i sin dom over det som hende. Dei tempelprostituerte i hinduismen blir kalla «tenarinner for gudane», og dei blir omtala med stor respekt i den hinduiske litteraturen.

I romanen Sibyllan av Pär Lagerkvist blir tempelprestinna, sibylla, nærast valdteken på altaret av ein gud i bukkeskapnad. For henne blir det ei religiøs oppleving. I mykje historie ser det ut til å vere sterke band mellom religion og seksualitet. Så kan ein fundere over grunnane til det.

Kan éi forklaring vere at seksualiteten – forplantinga, der nytt liv blir skapt – er ein sentral del av sjølve livsmysteriet, som alle religionar er opptekne av? Å forklare livets mange mysterium er ei hovudoppgåve for alle religionar. Eller kan forklaringa vere at dei orgastiske, ekstatiske opplevingane kjønnslivet kan gje, minner om dei ekstatiske opplevingane ein del religiøs praksis også gjev, at begge slag opplevingar sprengjer dagleglivets grenser og gjev tilgang til ein annan og gåtefull røyndom? Blir religionen og seksualiteten opplevd å vere erkjenningsslektningar, som kastar lys inn i det utilgjengelege og ukjende? Då blir prostitusjonen og kjønnslivet i tempelet ein del av gudstenesta, som leksikonet seier.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement