Selja seg dyrt

Publisert

Me veit at me ikkje skal selja skinnet før bjørnen er skoten, eller som eit anna ordtak seier: «Ein skal ikkje selja fisken (el. fuglen) før han er fanga.» Kjøp og sal har folk halde på med lenge, men varene har ymsa. Det er til dømes ikkje mange av oss som sel bjørneskinn i dag. Likevel skjønar me ordtaket om bjørneskinnet, og me skjønar at ordtaket som kjem her, kan brukast om meir enn kyr: «Når kua er seld, fylgjer mjølka med.»

Ordbøkene fortel at å selja er å ‘avhenda mot pengar eller anna bytemiddel’. I mellomalderen vart selja stundom nytta i tydingane ‘lata få, gjeva; fli, levera’, som i seiemåten «selja einhverjum eitthvert í hendr» (‘gjeve noko til ein, lata nokon få noko’). I mange av dei gamle germanske måla hadde verbet just tydinga ‘gjeva’, men i eitt av måla finn me ei endå meir avgrensa tyding: Gotisk saljan tydde ‘gjeva til gudane, ofra’. Selja er eit kausativ (eit avleitt verb som målber at objektet set i verk den handlinga grunnverbet nemner), og det kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘ta’. Grunntydinga til selja er dimed ‘få til å ta’. I dei nordiske måla er skrivemåten med j vanlegast (isl. selja, fær. selja, sv. sälja, nyno. selja), men i dansk (sælge) og bokmål (selge) har ein g hoppa inn. Engelsk sell høyrer òg til denne ætta, til liks med substantivet sal.

Når salet går strykande, er det moro å vera seljar. Gode varer sel seg sjølv, men å finna dei gode varene er ikkje berre lett. Mange har røynt at «den som kjøper skrap, får selja med tap». Dei færraste likar å tenkja på seg sjølv som ei vare, likevel hender det at folk sel sjela og kroppen sin. Då seier me stundom at dei «sel seg». Vendinga «selja seg» ter seg elles i ei rad andre seiemåtar, jamfør «selja seg dyrt», «selja seg til fienden» og «selja seg ut».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement