Seint og tidlegDen som er sein på foten, skal vera tidleg på vegen, seier ordtaket. Dersom du er seinføtt og ikkje tek omsyn til det, kjem du for seint, og då kan det henda at folk kallar deg seinslark, seinsokk, seinplugg og det som verre er. No er det ik
Den som er sein på foten, skal vera tidleg på vegen, seier ordtaket. Dersom du er seinføtt og ikkje tek omsyn til det, kjem du for seint, og då kan det henda at folk kallar deg seinslark, seinsokk, seinplugg og det som verre er. No er det ikkje støtt det hjelper å vera tidleg ute heller. Både vêret, teknikken og andre folk kan seinka deg, dimed kan du koma for seint til ei seinvakt jamvel om du fór tidleg av garde. Trøysta er at det ikkje berre er me menneske som kjem i seinaste laget. Sanninga er ofte seinfaren, seiest det – ho dryger med å koma fram.
Sein er eit velkjent ord i Norden. Me har islandsk seinn, færøysk seinur og dansk og svensk sen. Det er ikkje berre forma som er lett å kjenna att. Tydinga er òg mykje den same. I norrøne tekster finn me ord som seinbúinn (‘seinbuen, seint ferdig’), seinlátr (‘seinlåten, seinvoren’) og seinka (‘seinka, hefta; dryga med’). Sein er truleg i ætt med sid (‘som når langt ned’, jf. fotsid), eit adjektiv som òg har gjeve oss sidan og engelsk since. Bakgrunnen til sein veit me elles lite om. Det som derimot er klårt, er at sein fungerer framifrå som motsetnad til snar.
Du kan vera snarrådig eller seinrådig, snartenkt eller seintenkt, snarbeden (‘lett å be; viljug’) eller seinbeden (‘tung å beda; uviljug’), «snar i snuen» eller «sein i snuen». Det gjævaste er visst å vera snar, for då er du ikkje sein om å gjera det som krevst. Haken er at den som støtt vil vera snøgg, før eller seinare kjem til å dumma seg ut. Nokre meiner at det er like greitt. Dei kan ikkje tenkja seg noko verre enn å måtta sjå på seindregne folk som stullar og steller med endeframme gjeremål i ei heil æve. Det nyttar ikkje om den seine skundar seg, seier eit gamalt fyndord, og det er vel noko i det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.